Andrè Reksten klar for Eikefjord!

Andrè Reksten klar for Eikefjord!

Tidlegare Florø Fotball-spelar Andrè Frøyen Reksten er klar for Eikefjord Fotball. Reksten, som var ei sentral brikke for Florø Fotball i OBOS-ligaen i 2017 og 2018, er speleklar mot Askvoll/Holmedal tysdag.

Draktnummer 2

Dei fleste som har sett Andre Reksten spele fotball dei siste åra, er vande med å sjå han med draktnummer 15 på ryggen. Dette nummeret er spesielt for Andrè, i og med at det store førebiletet Nemanja Vidic brukte dette i si storhetstid for Manchester United. 

I Eikefjord er draktnummer 15 opptatt, og det betyr at Reksten overtar trøye nr 2, som har stått ledig sidan Bjarte Eikevik la skoa på hylla. 

Vi i Eikefjord Fotball ynskjer Andrè hjarteleg velkommen til klubben, og satsar på mange store øyeblikk i den oransje drakta!

 

 

Ligaleiaren tek turen til Askvoll tysdag

Ligaleiaren tek turen til Askvoll tysdag

Eikefjord har starta haustsesongen med 12 av 12 moglege poeng, og leiar 6. divisjon avdeling 2 når 15 kampar er spelt. Dei oransje har eit forsprang på 4 poeng ned til Fure og Florø 3, som riktignok har ein kamp mindre spelt. Tysdag skal A-laget til Askvoll for å kjempe om tre særs viktige poeng i kampen om opprykk til 5. divisjon.

I vårkampen mellom Eikefjord og Askvoll/Holmedal, gjekk eikefjordingane seirande ut. 3-1 blei stillinga heime på Eikefjord Idrettspark. Den gongen var det Øyvind Sørbø, Erling Austreim og Jakob Guddal Hansen som sikra tre poeng til heimelaget. 

Det er ein slagkraftig tropp som reiser til Askvoll tysdag, og kampstart er 19.00 på Hilvang stadion. Ragnar Åmot dømmer oppgjeret. 

A-laget vant thriller i Hyllestad

A-laget vant thriller i Hyllestad

18DAG_03-04-IMG_0365

Erlend Hove sin overgang til Eikefjord var den store snakkisen før tysdagens kamp mot Hyllestad. Florøværingen svarte med eit lekkert mål, og var svært sentral då Eikefjord snudde kampen i ein spanande kamp på Hyllestad Idrettsanlegg.

I tillegg til Erlend Hove, spelte også Robert Buarøy sin første kamp for a-laget. 

Eikefjord stilte med følgande lag:

Marcus Tonheim – Torbjørn Endestad, Thomas Øren, Espen Øren, Lars Hermann Terøy – Erlend Hove, Øyvind Sørbø, Gaute Vassbotten, Skjalg Lyngstad – Håvard Mjølkeråen, Jakob Guddal Hansen.

Benken: Vegard Henriksen, Christian Bauge, Petter Langeland, Kent Marius Solheim og Robert Buarøy

Kampfakta:

Hyllestad – Eikefjord (1-2) 3-5

0-1 Espen Øren (Thomas Øren)

0-2 Jakob Guddal Hansen (Torbjørn Endestad)

1-2 Hyllestad

2-2 Hyllestad

3-2 Hyllestad

3-3 Jakob Guddal Hansen (Øyvind Sørbø)

3-4 Erlend Hove (Christian Bauge)

3-5 Gaute Vassbotten (Espen Øren)

Klart for haustens første bortekamp

Erlend Hove klar for Eikefjord Fotball

Erlend Hove klar for Eikefjord Fotball

Eikefjord Fotball er henrykte over å bekrefte at Erlend Hove er klar for klubben. Hove som tidlegare har spelt for klubbar som Florø Fotball og Sotra FK er speleklar til Eikefjord sin kamp mot Hyllestad tysdag.

-Kunne ikkje seie nei

Tysdags formiddag blei Florø Fotball og Eikefjord Fotball einige om overgangssum for Hove. Dei personlege betingelsane blei inngått allereie laurdagskveld i eit møte mellom Eikefjordtrenar Håvard Mjølkeråen og Hove`s agent, Håkon Furelid. Hove sjølv legg ikkje skjul på at dette er ein draum som no endeleg går i oppfyllelse. -Tilbodet var for godt til å seie nei! Eg må berre få takke agenten min, Håkon Furelid for muligheten til å signere for denne tradisjonsrike klubben, seier Hove. Vidare legg han vekt på moglegheiten til å spele på Eikefjord Idrettspark som ein viktig faktor for at han no skal ikle seg den oransje drakta. -Atmosfæren i Kvalvikdalen er noko heilt spesielt. Det får ikkje du opplevd nokon andre plassar, seier Hove. 

Mjølkeråen i ekstase

Eikefjord sin spelande trenar Håvard Mjølkeråen er også i ekstase over overgangen. – Det er fantastisk å få ein spelar av Erlend sitt kaliber til Eikefjorden. Dette gjer at både den eldre garde og dei yngre får noko å strekke seg etter. Han vil passe godt inn i gruppa, slår Mjølkeråen fast. 

Draktnummer 10

Erlend Hove vil spele med draktnummer 10 på ryggen. Eit nummer som har vore freda i Eikefjord Fotball sidan nemnte Håkon Furelid la opp. Håkon Furelid seier i ein kommentar at han er glad for at det legendariske draktnummeret no blir i bruk igjen på Eikefjord Idrettspark. -Det betyr mykje for meg at det er nettopp Erlend som skal bruke dette nummeret, eg er veldig glad på hans vegne, seier Furelid rørt.  

Eikefjord Fotball ynskjer Erlend hjarteleg velkommen til klubben!  

Foto: Andreas Hopen/ Firdaposten

 

Klart for lokalderby i Kvalvikdalen

Klart for lokalderby i Kvalvikdalen

56857570_2160699444043603_3427875486984830976_n (1)

Fredag opnar den 17. utgåva av Eikefjorddagane med fotballkamp på Eikefjord Idrettspark. Bygutane til Tempo tek turen austover i kommunen, og det er klart for eit vaskeekte derby i Kvalvikdalen.

Når Eikefjord og Tempo startar den 12. serierunda i årets 6. divisjon fredagskveld, er det to topplag som møtes. Eikefjord ligg på 4. plass med 22 poeng etter 11 kampar, medan Tempo på si side ligg to poeng foran tangotrøyene på ein 3. plass. Vinnaren av dette oppgjeret vil for alvor melde seg på i kampen om toppen av tabellen saman med Florø 3 og Fure. 

I det omvendte oppgjeret i vår, som blei spelt på Florø Stadion gjekk eikefjordingane seirande ut i ein knallsterk 5-2-siger. 

Vi i Eikefjord Fotball håpar så mange som mogleg tek turen på stadion fredag, og heiar fram Eikefjorden til tre særdeles viktige poeng! Kampstart er 18.00 på kunstgraset. Ver ute i god tid for å få sitteplass! 

Tuva vant Månadens Fair Play

Tuva vant Månadens Fair Play

NFF Sogn og Fjordane ynskjer også i år å sette fokus på dei gode hendingane i fotballkvardagen som gjer fotballbana til ein betre stad å vere for både store og små med å kåre "Månadens Fair Play."

Kvar månad i sesongen (mai, juni, august, september) blir det kåra ein vinnar, basert på innsendte forslag frå alle som er engasjerte i fylkesfotballen i Sogn og Fjordane. 

Tuva Fjell Osland frå Eikefjord Fotball er vinnar av Månadens Fair Play i juni! Tuva spelar på Eikefjord Fotball sitt J11-lag. I følgje fotball.no blei Tuva tildelt prisen for ei hending i seriekampen mot Førde 17. juni. 

«Eikefjord J 11 spilte kamp borte mot Førde 4 J 11, 17/6-19. På stillinga 0-1 til Eikefjord hadde Førde eit skudd som keeper redda, og deretter spratt langs streken. Veldig vanskelig for dommar og oss andre å sjå om den var inne. Dommar hadde nok ikkje dømt mål, men keeperen vår, Tuva Fjell Osland, gav beskjed til dommaren at ballen var inne. Dermed blei det dømt mål til Førde. Synes det var i veldig fair play ånd og applaus til Tuva!»

Kretsen skriver på sine sider at Tuva viser gode haldningar med denne hendinga! Sjølv om kampen står og vippar, er ho ærleg og viser respekt for spelet og motstandarlaget. Ein flott ambassadør for J11-laget og for Eikefjord IL! 

NFF Sogn og Fjordane ønskjer å vere tilstades ved eit heimearrangement i haustsesongen og overrekke prisen som Månadens Fair play til Tuva og laget.

Vi i Eikefjord Fotball gratulerer Tuva med ein velfortjent pris!

Les også kva fotballkretsen skriver om saken her: 

https://www.fotball.no/kretser/sogn-og-fjordane/samfunns–og-verdiarbeid/fair-play/artiklar/2019/tuva-vant-manadens-fair-play

 

 

 

Klart for Tine Fotballskule!

Andrine klar for Kaupanger

Andrine klar for Kaupanger

Eikefjordingen Andrine Olsen Endestad, som i desse dagar nettopp er ferdig med 10 års skulegang på Eikefjord Barne- og ungdomsskule er klar for Kaupanger IL sitt damelag.

Andrine som er født og oppvokst i Eikefjord blir på Kaupanger sine sider omtalt som ein stor og sterk spiss med fantastiske avslutningsferdigheter. Andrine fekk onsdag denne veka speletid for Kaupanger mot Arna-Bjørnar i J19-NM. I denne kampen tapte Kaupanger på straffekonk, men Andrine var ei av dei som fekk prøve seg frå ellevemeteren, og sat si straffe i mål.

Vi i Eikefjord Fotball ynskjer Andrine lukke til med fotballen i Sogn! 

Foto: Kaupanger damer si facebookside

Siste heimekamp for A-laget

Siste heimekamp for A-laget

Tysdag 18. 06 spelar A-laget siste kamp før sommarferien. Kampen blir spelt på Eikefjord Stadion, og det er Naustdalslaget Tambarskjelvar som tek turen vestover tysdag.

Eikefjord ligg på 4. plass med 19 poeng før møtet med Tambarskjelvar. Dei gule frå Naustdal har fått det betydeleg tøffare og ligg nest sist med berre 6 poeng på 9 kampar. 

Øyvind Sørbø(bilete) har hatt ein god vårsesong, og har skårt mål mot Tambarskjelvar tidlegare. Det håpar vi gjentek seg tysdag, og at alle poenga blir igjen på vestsida av Naustdalstunnellen. 

Kampstart er 20.00, og vi håpar DU kjem og heiar dei oransjekledde fram til ny siger på krøllgraset! Vel møtt!