Skip to content

Eikefjord har starta haustsesongen med 12 av 12 moglege poeng, og leiar 6. divisjon avdeling 2 når 15 kampar er spelt. Dei oransje har eit forsprang på 4 poeng ned til Fure og Florø 3, som riktignok har ein kamp mindre spelt. Tysdag skal A-laget til Askvoll for å kjempe om tre særs viktige poeng i kampen om opprykk til 5. divisjon.

I vårkampen mellom Eikefjord og Askvoll/Holmedal, gjekk eikefjordingane seirande ut. 3-1 blei stillinga heime på Eikefjord Idrettspark. Den gongen var det Øyvind Sørbø, Erling Austreim og Jakob Guddal Hansen som sikra tre poeng til heimelaget. 

Det er ein slagkraftig tropp som reiser til Askvoll tysdag, og kampstart er 19.00 på Hilvang stadion. Ragnar Åmot dømmer oppgjeret.