Skip to content

Historien

Eikefjord IL blei stifta 28.desember i 1967. Det vart halde skipingsmøte på Eikefjord skule, der Brynjar Svardal vart vald til idrettslagets fyste formann.

På denne tida var det mange aktive idrettsutøvarar i bygda som representerte andre nærliggande idrettslag. Interessa for å få til sitt eige idrettslag var stor, og friidrettsgruppa samt ski og orienteringsgruppa var med frå starten av. I 1970 kom også fotballen på bana, og dei har vore den største gruppa dei fyste 50 åra.

Nyare idrettar som Basket har skilt seg ut i Eikefjord, og spesielt kjekt er det at vi har det einaste basketball laget i Sogn og Fjordane. Handballen vekst seg stadig større og har vorte ein god ambassadør for idretten. Vi kan takke dei to tilflytta eldskjelene Dag Nybø og Marco Schaarschmidt, som starta opp basket og handball i Eikefjord.

Når det gjeld anlegg so er vi godt stilte i bygda. Store dugnadsinnsatser har ført til at vi har eit flott fotballanlegg i Kvalvikdalen med tilhøyrande garderobe anlegg og klubbhus, og eit flott skianlegg på Humlestøylen. Eit kjempeløft frå innbyggarane og store sponsorgave gjorde til at vi opna ny fleirbrukshall i 2017.

På Humlestølen har skigruppa eit topp moderne skianlegg med lysløype og aktivitetsbakke. Dei som vil ha seg ein tur, kan bare slå på lyset og nyte turen.

ETS er eit alternativ til innetrening. Her er det organisert spinningtimar og eigentrening med ulike treningsapparat. Stort rom for vektløfting og treningsapperat finst det og i fleirbrukshallen.

Fleire av dei mest besøkte fjellområda rundt Eikefjord har merka turstiar som passar for alle. I nærområdet rundt bygda er det laga mange km med turløyper.

Som dokke leser er det ein aktiv 50 åring som ser fram til mange gode og spreke år !!

Opp igjennom åra har det vore andre grupper innom i idrettslaget i kortare periodar, men i dag har vi fem aktive grupper: Fotball, handball, basket, ski og friidrett.

I starten var det ski og friidrett som sette bygda på kartet. Mange gode utøvarar markerte seg både lokalt og regionalt. Seinare viste fotballen seg sterke og var heilt i toppen av seriesystemet i Sogn og Fjordane på 80 og byrjinga på 90 talet. Hopen og Sørbø familien har nærare 1000 kampar for fotball-laget Sogndal. Stor stas var det også for bygda og idrettslaget då Margunn Humlestøl vann Sogn og Fjordanes første olympiske gullmedalje i Seoul i 2000 for det norske damelandslaget i fotball.