Skip to content

Tysdag 18. 06 spelar A-laget siste kamp før sommarferien. Kampen blir spelt på Eikefjord Stadion, og det er Naustdalslaget Tambarskjelvar som tek turen vestover tysdag.

Eikefjord ligg på 4. plass med 19 poeng før møtet med Tambarskjelvar. Dei gule frå Naustdal har fått det betydeleg tøffare og ligg nest sist med berre 6 poeng på 9 kampar. 

Øyvind Sørbø(bilete) har hatt ein god vårsesong, og har skårt mål mot Tambarskjelvar tidlegare. Det håpar vi gjentek seg tysdag, og at alle poenga blir igjen på vestsida av Naustdalstunnellen. 

Kampstart er 20.00, og vi håpar DU kjem og heiar dei oransjekledde fram til ny siger på krøllgraset! Vel møtt!