Meld deg inn i EIL
No er årets kontingentkrav frå Eikefjord Idrettslag sendt ut! For å opprettholde aktiviteten i laget er kontigenten basis for alt vi gjer. Vi sett pris på alle som vil vere medlem i EIL, både aktive utøvarar og aktive støttespelarar!
Medlemskontingenten er ei viktig inntekt for idrettslaget og blir nytta til å betale fellesutgifter. Kontingenten er inngangsporten til aktivitet i Eikefjord IL. Hugs at kontingenten inneheld barneforsikring til utøvaren fyller 13 år. Du kan lese meir om barneforsikringa på NIF si heimeside. Utøvarar som er 13 år og eldre må sjekke forsikringsordninga som gjeld for aktuelt idrett og forbund.
Kontigentkravet er sendt ut gjennom MIN IDRETT
Eikefjord IL sitt medlemsregister er knytt til Norges Idrettsforbund sitt systemet Klubbadmin. Det du registrerar i MIN IDRETT vert overført til Klubbadmin og frå dette systemet vi rapportere både medlemstal og anna viktig info. I «min idrett» kan du som forelder registrere borna på dei aktivitetene dei er med i. Men hugs å registrere deg sjølv og!
Er du medlem men har ikkje mottatt noko kontingentkrav? Ta kontakt med medlemsansvarleg Kristen Stæger-Breisnes på 94531540 eller send epost til post@eikefjordidrettslag.no
Treng du hjelp?
For å få ei mest mogleg rett rapportering treng vi både fødselsdato, mnd og år på alle medlemmane våre, både føresette og barn, dvs alle i familien. Vi ber og om å få registrert epostadresse for dei av dykk som har det. Det er viktig at de gjer dette då tal medlemmar som vert rapportert til Norges idrettsforbund påverker økonomien til laget.
Dette kan du gjere på to måtar:
1. Gå inn på Min Idrett, opprette brukar og registrere desse opplysningane sjølve. Det er enkelt å opprette brukar og såleis få registrert seg: minidrett.nif.no
2. Dersom de finn dette vanskeleg kan de ta kontakt med medlemsansvarleg på epost: post@eikefjordidrettslag.no eller ring Kristen på tlf: 945 31 540