A-laget sesongåpnar mot Fure borte

A-laget sesongåpnar mot Fure borte

Sesongstarten i 6. divisjon er rett rundt hjørnet! Treningskampar og Eikefjord Cup er unnagjort, og det er no det verkeleg gjeld. Eikefjorden sitt A-lag reiser søndag til Fure for å kjempe om sesongens første poeng.

Forrige sesong gjekk tangotrøyene seirande ut i begge møta med dei blåkledde frå Fjaler. I heimemøtet blei stillinga 1-0, og Øyvind Sørbø blei matchvinnar i ein kamp Eikefjorden dominerte stort. Det omvendte møtet blei spelt på Dingemoen Stadion i Dale, og ei tett og jamn batalje, som var prega av høg temperatur hjå heimelaget, endte med 1-0-siger til Eikefjord. Erling Austreim blei matchvinnar denne kampen. Korleis? På frispark frå 25 meter sjølvsagt…

Sidan den gong har Fure endeleg fått eiga heimebane. Våge Stadion er namnet, og det blir ingen enkel kamp for bortelaget. Fure har nemleg aldri tapt på Våge Stadion, som ikkje er større enn 48x90meter.

Årets tropp

Håvard Mjølkeråen har tatt fatt på sin fjerde periode som a-lagstrenar for Eikefjord. Han går inn i i sesongen med fleire kjent fjes, i tillegg til nokre nye namn som har komt inn dørene på Eikefjord Idrettspark. Det gjer at troppen for sesongen 2018 ser slik ut: 

 Marcus Tonheim, Erling Austreim, Thomas Øren, Espen Øren, Torbjørn Knapstad Endestad, Sondre Nybø, Kristine Nybø, Elemine Øyra, Skjalg Lyngstad, Christian Bauge, Petter Langeland, Øyvind Sørbø, Bjørnar Øren, Stian Viken, Lars Hermann Terøy, Mathias Pedersen Nesse, Adrian Sander Ramsdal, Jakob Guddal Hansen, Håvard Mjølkeråen og Vegard Henriksen

 

Vi i Eikefjord Fotball ser fram til kampen på søndag og håpar å ta med tre poeng heim att til Eikefjorden! 

Badmintonturnering på langfredag

Open hall

Jølster vann Eikefjord Cup

Jølster vann Eikefjord Cup

Etter ein fantastisk dag på Eikefjord Idrettspark laurdag, var det i dag duka for finale og bronsefinale i vårsola i Kvalvikdalen. Jølster og Hyen var dei to sterkaste laga laurdag og skulle kjempe om det gjevaste trofeet søndag.

Kamp om 5. plassen

I dagens første kamp skulle Førde 3 og Tempo FK spele om å ikkje kome på sisteplass i årets Eikefjord Cup. Tempo startar best og tek leiinga 1-0, ved tidlegare Eikefjordspelar Andreas Brandsøy. Førde 3 snudde kampen og vann 2-1, noko som betyr at fjorårets finalist Tempo, endte sist i årets turnering. 

Eikefjord fekk bronse på heimebane

Heimelaget Eikefjord hadde sjølvsagt ambisjonar om å vinne foran eige publikum, men 1-2-tap mot Jølster og ein knepen 1-0-siger mot Tempo FK laurdag, haldt berre til bronsefinale. Der møtte dei eit forsterka Florø 3-lag. Harald Gjervik tok nemleg med blant anna Thomas Hallstensen og Anders Fleten til søndagens kamp. Trass i dette var det Eikefjord som festa grepet om kampen i første omgang. Midtvegs i første omgang blir Florø 3 reduserte til 10 mann, då Jakob Guddal blir felt på veg i gjennom. Like etter får Eikefjord uttelling, då Jakob Guddal stangar inn 1-0, etter eit fantastisk innlegg av Petter Langeland. 1-0 er også resultatet til pause. 

I andre omgang gjer Florø endringar. Oppskrifta er enkel: Diagonal crossar frå Hallstensen, gjennom til ein kvikk Fleten. Andre omgang er berre ti minuttar gammal då Florø utlignar til 1-1. Sjølv om Florø i ein liten periode er det beste laget, er det eikefjordingane som ville det mest i dag. Etter 60 minutt er Petter Langeland nok ein gong servitør, og på bakerste stolpe taklar Thomas Storehaug Øren inn 2-1 til heimelaget. Etter dette har Eikefjord brukbar kontroll på kampen, og vondt blir til verre for Gjerviks menn, då Hallstensen pådrar seg to kjappe gule kort, og må forlate stadionområdet. Med 9 mann har Florø ingenting å stille opp med, og då Stian Viken fastset sluttresultatet til 3-1, kan Eikefjord juble for bronse i si eiga turnering.

Jølster trakk det lengste strået

I dagens siste kamp skulle Jølster og Hyen kjempe om det aller gjevaste trofeet. Finalen var ein jamnspelt kamp. Til pause var stillinga 0-0, og dette resultatet stod seg til andre omgang var halvspelt. Då går Jølster opp til 1-0. Hyen kjempar for ei utligning, men klarer ikkje å skape dei heilt store sjansane. Det betyr at Jølster vann årets utgåve av Eikefjord Cup! Jølster sin kaptein, Bård Sandnes blei kåra til turneringas beste spelar. Vi gratulerer! 

Sjekk ut Eikefjord Fotball si facebookside for bilete frå helgas kampar. 

 

Eikefjord Cup 2019

Eikefjord Cup 2019

webfotball1

Til helga brakar det laust på Eikefjord Idrettspark igjen, då årets utgåve av Eikefjord Cup går av stabelen. Cupen som for første gong blei arrangert i 1983, er blitt ein fast tradisjon i palmehelga, og årets turnering er nr 37 i rekkja. Seks lag skal i løpet av helga kjempe om det gjeve trofeet.

Arrangør og heimelaget Eikefjord er regjerande mester, etter at dei i fjorårets turnering slo Tempo FK 1-0 i finalen. Erling Austreim blei kåra til turneringas beste spelar den gongen, men valte etter utdelinga å gi pokalen vidare til keeper Marcus Tonheim. Tonheim blei nemleg den store helten i finalen, etter at han redda Benjamin Eggens forsøk frå ellevemeteren midtvegs i 2. omgang. 

I årets turnering deltek Eikefjord, Jølster, Tempo, Florø 3, Førde 3 og Hyen. Gruppespelskampane blir som vanleg spelt på laurdagen, medan finalen, bronsefinalen og kampen om 5. plassen blir spelt søndag. 

Lørdag: 

10.00 Førde 3 – Florø 3

11.15 Eikefjord – Jølster

12. 30 Hyen – Førde 3

13.45 Jølster – Tempo

15.00 Florø 3 – Hyen

16.15 Eikefjord – Tempo

Søndag:

11.00 Kamp om 5. plass

13.00 Bronsefinale

15.00 Finale 

 

Oppdateringar frå kampane vil kome fortløpande på Eikefjord Fotball si facebookside.

Vi i Eikefjord Fotball vil ynskje spelarar, trenarar, dommarar og tilskodarar vel møtt til ei helg fylt med mykje god fotball på Eikefjord Idrettspark!