Send inn varsel om ikkje alle har det trygt og godt i Eikefjord idrettslag
Kjenner du til kritikkverdige forhold som du bør varsle om?
Dersom du har kjennskap til kritikkverdige forhold i EIL, så oppfordrar vi deg til å varsle om dette, enten til nokon i organisasjonen eller gjennom vår digitale portal på MittVarsel.no. Varslingsprosedyren skal bidra til å avdekke eventuelle kritikkverdige forhold hos oss slik at vi kan gjere noko med saka og hindre at det skjer på nytt.
Det ein meiner med kritikkverdige forhold er:
- Brot på lovar og reglar
- Brot på organisasjonen sine etiske retningslinjer
- Brot på etiske normer med brei tilslutning i samfunnet
Døme på kritikkverdige forhold kan vere mobbing, diskriminering, seksuell trakassering, rusmiddelbruk og forhold som fører til fare for liv og helse. Vi oppmodar om å ha låg terskel for å seie ifrå. Vi tar i bruk rådgjevarar i idrettsforbundet ved behov i behandling av saker.
Eikefjord idrettslag oppfordrar deg til å ta opp saka enten skriftleg eller munnleg med ein du er tilknytta til i idrettslaget. Varselet ditt bør innehalde ei sakleg, objektiv og konkret framstilling av det påståtte kritikkverdige forholdet.
Du kan også melde frå gjennom vår digitale portal på MittVarsel.no:
- Her kan du velgje å varsle anonymt eller med namn.
- Dersom du varslar anonymt er det viktig å ta vare på kvittering med brukarnamn og passord slik at du kan logge deg på for å kommunisere med saksbehandlar.
- Saka vil deretter bli behandla av Mitt varsel administrator Liv Torsvik Myrvollen, og saksbehandlarar Cathrin Iren Barstad og/eller Kari Mydland så raskt som mogleg. Inhabilitet blir sjølvsagt vurdert.
- Som varslar vil du få ei tilbakemelding innan 3 dagar om at varsel er mottatt og under behandling.
Har du spørsmål om varslingsrutinen kan du gjerne kontakte Liv Torsvik Myrvollen på 93619254