Klart for lokalderby i Kvalvikdalen

56857570_2160699444043603_3427875486984830976_n (1)

Fredag opnar den 17. utgåva av Eikefjorddagane med fotballkamp på Eikefjord Idrettspark. Bygutane til Tempo tek turen austover i kommunen, og det er klart for eit vaskeekte derby i Kvalvikdalen.

Når Eikefjord og Tempo startar den 12. serierunda i årets 6. divisjon fredagskveld, er det to topplag som møtes. Eikefjord ligg på 4. plass med 22 poeng etter 11 kampar, medan Tempo på si side ligg to poeng foran tangotrøyene på ein 3. plass. Vinnaren av dette oppgjeret vil for alvor melde seg på i kampen om toppen av tabellen saman med Florø 3 og Fure. 

I det omvendte oppgjeret i vår, som blei spelt på Florø Stadion gjekk eikefjordingane seirande ut i ein knallsterk 5-2-siger. 

Vi i Eikefjord Fotball håpar så mange som mogleg tek turen på stadion fredag, og heiar fram Eikefjorden til tre særdeles viktige poeng! Kampstart er 18.00 på kunstgraset. Ver ute i god tid for å få sitteplass! 

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin