Trenarattest

Barn og unge skal oppleve idrettsglede i eit trygt miljø. Trenarattesten gir deg eit godt utgangspunkt for å lukkast som trenar, slik at utøvarane får eit meir heilskapeleg kvalitetstilbod uavhengig av trenar, idrett eller klubb. På Idrettstinget 2021 vart det bestemt av Trenerattesten blir obligatorisk.

Trenerattesten tar deg gjennom dei viktigaste oppgåvene og forventningane som blir stilt til deg som trenar, og kjem i to versjonar – éin for trenarar i barneidretten og éin for trenarar i ungdomsidretten.

Når du har fullført Trenerattesten, blir kompetansen synleg på din idretts-CV, og du får tilgang til fagstoff og tips frå nokre av Norges beste trenarar og utøvarar.

Kanskje blir du ein endå betre trenar for utøvarane dine. 

Logg inn på trener.nif.no og ta Trenerattesten no. Lukke til!