Eikefjord Fotball arrangerte årsfest for aldersfastlagd fredag

Eikefjord Fotball arrangerte årsfest for aldersfastlagd fredag

07DAG_01-01-3J1A0040

Fredag var det tid for å heidre dei aldersfastlagde laga i klubben, då Eikefjord Fotball inviterte til årsfest i fleirbrukshallen. I tillegg til at alle spelarane mottok kvar si medalje, fekk også trenarar og dommarar merksemd denne kvelden. På G/J 13/14-år skulle det også delast ut Fair Play-pris.

Årets Fair play

Fair Play står sterkt i Eikefjord Fotball, og det er kanskje den gjevaste prisen ein kan motta. I ungdomsfotballen skal det delast ut ein slik pris, og det er spelarane sjølv som har stemt fram den dei meiner fortener prisen mest. I år var det David Tea som mottok denne prisen. Grunngjevinga for dette er at David alltid spelar fair, uansett om dei tapar eller vinn. I tillegg viser David alltid stor treningsvilje. Vi i Eikefjord Fotball gratulerer så mykje til David!


Les kva Firdaposten skriv om årsfesten her: https://www.firdaposten.no/lokalnytt/eikefjord-fotball/eikefjord-il/fotballen-i-eikefjord-feira-seg-sjolv/s/5-16-356589?access=granted

Bileta i artikkelen er også henta frå Firdaposten.no

Årets Fair Play-pris gjekk til 14 år gamle David Tea
Årets styre i Eikefjord Fotball

Jakob blei kåra til årets spelar på årsfesten

Jakob blei kåra til årets spelar på årsfesten

Laurdag gjekk den årlege årsfesten for A-laget av stabelen. Festen blei arrangert på Inspire, og kvelden inneholdt prisutdeling, quiz og fleire rørande og flotte talar.

Utdeling av prisar

Jakob Guddal Hansen – Årets spelar

Jakob Guddal Hansen – Årets augeblikk

Jakob Guddal Hansen – Årets toppscorar

Christian Bauge – Årets mål

Kent Marius Solheim – Årets fair play

Sølve Redal – Årets materialforvaltar

Øyvind Sørbø – Pokal for 200 kampar

Espen Øren – Pokal for 50 kampar

Petter Langeland – Pokal for 50 kampar. 

 

 

 

Skifest på Allhuset

WEB_ski1

Søndag 17. november er det klart for den årlege skifesten på Allhuset. Her blir det utdeling av premiar, i tillegg til sal av lodd. Festen startar 14.00, og inngangsbilletten kostar 20 kr per person. Vel møtt!

Mengdetekst

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin

Thomas Hallstensen er tatt ut på G17-landslaget

Thomas Hallstensen er tatt ut på G17-landslaget

73513472_2749999668378376_7607155730038128640_n

Måndag kom beskjeden om at eikefjordingen Thomas Hallstensen er tatt ut på G17-landslaget. Hallstensen som reiste til Florø, før han fekk a-kampar for Eikefjord, har i løpet av 2019-sesongen spelt seg til meir eller mindre fast plass på Florø Fotball i Postnord-ligaen.

Sjokkert

Eikefjord Fotball tok måndag kontakt med Hallstensen etter at gladnyheten ankom Knapstadbakkane 8 måndags ettermiddag. Hallstensen kunne meddele at han er sjokkert over å bli teken ut, men legg til at dette har vore eit stort mål for han. Hallstensen var tidleg klar over at det var fotballspelar han ville bli, og uttaket i dag er ei lønn for strevet. 

 

Vi i Eikefjord Fotball gratulerer til Thomas, og ser fram til å følge utviklinga hans vidare!

Årsfest for aldersbestemt

Bauge tok ein Beckham, då A-laget vann 4-0 i Høyanger

Bauge tok ein Beckham, då A-laget vann 4-0 i Høyanger

A-laget vann 4-0 i Høyanger tysdag. Trass i dårleg spel, og eit Håvard Mjølkeråen-hattrick, var Christian Bauge si scoring frå midtbana den store snakkisen etter kampen.

-Tre poeng på ein dårleg dag

Sjølv om dei oransje vant overlegent og kontrollert, var Eikefjordtrenar Håvard Rekdal Mjølkeråen skuffa over lagets prestasjon. – Vi leverer langt under kva eg forventa av gutane. Men viktigast av alt er innsatsen veldig god, og vi får med oss tre poeng på ein dårleg dag. Mjølkeråen legg til at det var bra å holde nullen og at samtlege fekk speletid. 

1-0 etter ein dårleg start

Eikefjord opna kampen dårleg. Fleire dårlege involveringar, og det var mykje som ikkje stemte. Etter drøye 15 minutter kjem Torbjørn Endestad rundt på høgrekanten, og får slått eit under middels innlegg inn mot Håvard Mjølkeråen. Ballen var langt i frå ferdigscora, men Håvard fekk satt hovudet sitt på ballen, og stanga den i mål. 1-0 til dei oransje. 

Mjølkeråen legg på til 2-0

Spelet blei til tider litt betre, og nemnte Endestad kom på ny rundt på kanten etter 20 minutt spelt. Innlegget var betre denne gongen, og Skjalg Lyngstad fekk kontroll på ballen. Han fekk ikkje avslutta, men etter litt klabb og babb endar ballen opp hos trenar Mjølkeråen, som med venstrefoten set ballen kontrollert i lengste hjørnet. 2-0, noko som også er resultatet halvvegs. 

Hattrick-hero

Andre omgang er prega av mange dårlege involveringar også, og 2-0 står seg heilt til Mjølkeråen får drømmetreff frå 20 meter. 85 minutt spelt og Håvard klinkar ballen i lengste hjørnet. 

 

Bauge sitt første Eikefjordmål

Då Christian Bauge blei bytta inn i det 70. speleminutt hadde han aldri scort for Eikefjorden før. Guten frå Furuhaugane har vore tre veker på treningsleir i Latvia, noko han verkeleg berer frukter av no. Ei lang klarering frå ein Høyangspelar tek Bauge kontrollert ned, og klinkar til. Ballen går i ei perfekt boge over Høyangkeeperen. Dette var eit kjekt øyeblikk både for Christian og dei andre på laget, som feira saman med den skjeggete juvelen. 

Eikefjord stilte med følgande lag:

Marcus Tonheim – Torbjørn Endestad, Andre Reksten, Erling Austreim(C), Espen Øren – Øyvind Sørbø, Lars Hermann Terøy, Skjalg Lyngstad, Gaute Vassbotten – Håvard Mjølkeråen, Jakob Guddal Hanssen

Benken: Christian Bauge, Petter Langeland, Kent Marius Solheim, Robert Buarøy

Kampfakta:

Høyang – Eikefjord 0-4 (0-2)

0-1 Håvard Mjølkeråen (Torbjørn Endestad)

0-2 Håvard Mjølkeråen(Jakob Guddal Hansen)

0-3 Håvard Mjølkeråen

0-4 Christian Bauge

 

Kun tre poeng er godt nok i Høyanger

Kun tre poeng er godt nok i Høyanger

A-laget har vore i glitrande form denne hausten, og ligg øvst på tabellen i 6. divisjon avdeling 2, når tre kampar gjenstår. Fure ligg hakk i hel, og det er berre målskilnad som skil laga på tabellen. Difor er kun siger godt nok når Mjølkeråens disiplar reiser til Ytre Sogn tysdag.

I vårkampen mot Høyang 2, vant A-laget heile 7-0 heime i Kvalvika. Den gongen hadde dei oransje sju forskjellige målscorarar. Erling Austreim, Håvard Mjølkeråen, Skjalg Lyngstad, Øyvind Sørbø(bilete), Trygve Samdal, Jakob Guddal Hansen og Adrian Sander Ramsdal noterte seg for scoring i den kampen.

Kampstart er 19.00 på Sletta i Høyanger. 

Erlend Hove med tre mål då Eikefjorden banka Florø på heimebane

Erlend Hove med tre mål då Eikefjorden banka Florø på heimebane

Erlend Hove var tilbake frå Nordsjøen, då han tysdag scorte tre mål i kampen mot Florø 3. I toppkampen i Kvalvikdalen, endte kampen heile 6-0 til heimelaget. Dei oransje hadde full kontroll på bygutane, og leverte kanskje årsbeste. Gaute Vassbotten scorte også sine to første Eikefjordmål. Skjalg Lyngstad noterte seg også for scoring no i kveld.

Eikefjord stilte med følgande lag: 

Marcus Tonheim – Torbjørn Endestad, Thomas Øren (C), Andre Reksten, Espen Øren – Erlend Hove, Øyvind Sørbø, Skjalg Lyngstad, Lars Hermann Terøy – Gaute Vassbotten, Jakob Guddal Hansen

Benken: Christian Bauge, Petter Langeland, Vegard Henriksen, Kent Marius Solheim, Elemina Øyra, Adrian Sander Ramsdal

Kampfakta:

Eikefjord – Florø 3 6-0 (3-0)

1-0 Erlend Hove (Øyvind Sørbø)

2-0 Erlend Hove (Øyvind Sørbø)

3-0 Gaute Vassbotten (Jakob Guddal)

4-0 Gaute Vassbotten (Skjalg Lyngstad)

5-0 Skjalg Lyngstad (Gaute Vassbotten)

6-0 Erlend Hove (Øyvind Sørbø)

Toppoppgjer i Kvalvika tysdag

Toppoppgjer i Kvalvika tysdag

Når Florø 3 kjem til Eikefjorden tysdag, er det to topplag som møtast på krøllgraset i Kvalvikdalen. Eikefjord leiar tabellen, eit poeng foran Florø 3 og Fure. Dei oransje har riktignok ein kamp meir spelt, noko som gjer at Eikefjord helst skal vinne mot dei unge bygutane.

I førre runde tapte Eikefjord 0-1 borte mot Askvoll/Holmedal, medan Florø 3 knuste Høyang 2 10-0 heime. Eikefjord er med andre ord revansjesugne og klar for å sende dei blå og svarte tilbake til Florø med null poeng. Ta turen til stadion tysdag klokka 19.00, og støtt tangotrøyene i kampen om tre svært viktige poeng!

Tuva mottok Fair Play-pris, før laget hennar slo Førde på heimebane

Tuva mottok Fair Play-pris, før laget hennar slo Førde på heimebane

Før Eikefjord J11 sin kamp mot Førde måndag, skulle Tuva Fjell Osland motta Fair Play pris av Siri Rognsø frå fotballkretsen. Begge laga, i tillegg til mange foreldre var publikum då ei stolt jente frå Sørgarden fekk både diplom og blomster. Laget til Tuva mottok også nye drikkeflasker og ballar, som ein følge av ei hending som skjedde i Førde i juni.

Sa frå til dommaren

Kvar månad i sesongen (mai, juni, august, september) blir det kåra ein vinnar, basert på innsendte forslag frå alle som er engasjerte i fylkesfotballen i Sogn og Fjordane. 

«Eikefjord J 11 spilte kamp borte mot Førde 4 J 11, 17/6-19. På stillinga 0-1 til Eikefjord hadde Førde eit skudd som keeper redda, og deretter spratt langs streken. Veldig vanskelig for dommar og oss andre å sjå om den var inne. Dommar hadde nok ikkje dømt mål, men keeperen vår, Tuva Fjell Osland, gav beskjed til dommaren at ballen var inne. Dermed blei det dømt mål til Førde. Synes det var i veldig fair play ånd og applaus til Tuva!»

Kretsen skriver på sine sider at Tuva viser gode haldningar med denne hendinga! Sjølv om kampen står og vippar, er ho ærleg og viser respekt for spelet og motstandarlaget. Ein flott ambassadør for J11-laget og for Eikefjord IL! 

Vi i Eikefjord Fotball gratulerer Tuva med ein velfortjent pris! Også kjekt å sjå at lagvenninnene var stolte på Tuva sine vegner! 

Jentene vann mot Førde

Etter prisutdelinga var det klar for kamp på Eikefjord Idrettspark. Tuva tok på seg keeperhanskane, og stilte seg i målet. Med seg på laget hadde ho 7 andre jenter, som saman skulle kjempe for sigeren på heimebane. 

Første omgang var prega av at jentene hadde heile 8 kampar i beina, etter turen til Lærdalsturneringa i helga. Det første kvarteret var prega av lite sjansar, heilt til kaptein og nr 10, Frida Fraas Øren, scorar frå drøye ti meter. 1-0 til dei oransje, noko som også var stillinga til pause. 

Etter kvilen, er eikefjordingane meir på hugget. Dei tek full kontroll over banespelet, og skapar fleire sjansar utover i omgangen, med nemnte Fraas Øren, og Mathilde Svardal i spissen. Halvvegs ut i omgangen legg Fraas Øren på til 2-0, før Mathilde Svardal scorte både 3-0 og 4-0. Fleire scoringar blei ikkje det på stadion i kveld, og Eikefjord J11, kunne sleppe jubelen laus! 

Redaksjonen vil også legge til at samtlege jenter viste imponerandre innsats og pågangsmot gjennom heile kampen. Ein flott gjeng, som kjempar for kvarandre! 

Eikefjord J11 stilte med følgande lag:

Tuva Fjell Osland, Helene Håøy, Linnea Marie Sæterlid, Oline Apalseth, Mia Terøy Valberg, Mathilde Svardal, Rikke Fraas Øren og Frida Fraas Øren. 

Kampfakta:

Eikefjord – Førde 4-0 (1-0)

Dommar: Ei meget god Tale Seljeseth

1-0 Frida Fraas Øren

2-0 Frida Fraas Øren

3-0 Mathilde Svardal

4-0 Mathilde Svardal