Kongleriketurneringa 2019

Offisiell opning av Dagsturhytta på Fløgjen

Søndag 2. juni er det endeleg opning av dagsturhytta på Fløgjen, etter at den har vore stengd i lang tid. Det blir offisiell opning frå klokka 13.00-15.00.

Dagsturhytta er eit prosjekt der Sparebanken Sogn og Fjordane i samarbeid med kommunane og fylkeskommunen har finansiert prosjektet. I løpetpet av året vil det vere på plass 26 dagsturhytter i Sogn og Fjordane.

Ta på dykk dei nye klubbkleda til Eikefjord Idrettslag å bli med på opninga!

Poengdeling i Hafstadparken

Poengdeling i Hafstadparken

Eikefjord sitt A-lag reiste i dag til Førde for å spele mot Anga 2 i 5. runde av årets 6. divisjon. Det var eit kruttsterkt mannskap som sat seg i den oransje bussen på veg mot byen lengst inne i Førdefjorden.

Eikefjord best i gong

Eikefjord opna den første omgangen veldig bra. Få touch, mykje bevegelse og mange trekk innad i laget var det eikefjordingane kunne vise dei drøyt 100 tilskodarane som hadde tatt turen til det vakre anlegget midt i Førde by. Eikefjord fekk uttelling ganske tidleg etter ein lekker ball i bakrom frå Torbjørn Endestad, som Jakob Guddal Hansen sat inn bak ein sjanselaus Anga-keeper. Dette var det einaste målet som kom då dommar Mossestad blåste av halvvegs.

Hansen dobla leiinga

Like etter pause, dobla dei oransje leiinga, då Espen Øren slår ein nydeleg ball i bakrom til Guddal Hansen, som på lekkert vis lobba inn 2-0 til bortelaget. 

To raske Angascoringar

Anga skapte lite gjennom heile kampen, men i løpet av nokre få minutt midtvegs i den andre omgangen, scorar Anga to mål. Det eine etter at Eikefjorden glepp markering etter ein cornar, og det andre etter eit innlegg som Anga til slutt får krangla i mål. 2-2 og like langt. 

Tvilsom annulering

Eikefjord var det førande laget i andre omgang og rulla opp angrep på angrep utan å få utteljing. Etter drøyt 85 minutt spelt får Eikefjord frispark rett utanfor 16-meteren. Forsvarssjef Erling Austreim stiller seg opp og hamrar laus mot målet til Anga. Ballen treff etter litt om og men Guddal Hansen som brystar den ut til spisskollega Thomas Øren. Han set ballen i mål og Eikefjordspelarane jublar for det dei trur er seiersmålet. Men ein mann i svart vil det annleis, og løftar armen for offside. Protestane frå Eikefjordspelarane var store. Så store at spelande trenar Håvard Mjølkeråen pådrog seg to kjappe gule, som i fotballverdenen betyr marsjordre. 

Sjølv med 10 mann er Eikefjord nærast sigersmålet i sluttminutta, men kampen endar 2-2. Mykje positivt å ta med seg etter denne kampen. Første omgang er nok årsbeste frå tangotrøyene! Neste kamp er førstkommande fredag, heime mot Askvoll/Holmedal. Kampstart er 19.00 i Kvalvikdalen. Vel møtt!

Eikefjord stilte med følgande lag:

Marcus Tonheim – Torbjørn Endestad, Espen Øren, Erling Austreim, Kristoffer Hopen – Lars H Terøy, Bjørnar Øren, Sondre Nybø, Petter Langeland – Thomas Øren, Jakob Guddal Hansen

Benken: Marius Kjellevold, Adrian Sander Ramsdal, Håvard Mjølkeråen, Øyvind Sørbø, Christian Bauge

 

Kåring av Månadens Fair Play

Kåring av Månadens Fair Play

NFF Sogn og Fjordane ynskjer også i år å sette fokus på dei gode hendingane i fotballkvardagen som gjer fotballbana til ein betre stad å vere for store og små med kåring av "Månadens Fair Play"

Kvar månad i sesongen (mai, juni, august, september) blir det kåra ein vinnar, basert på innsendte forslag frå alle som er engasjerte i fylkesfotballen i Sogn og Fjordane. 

Det er viktig at nettopp DU engasjerer deg, og sender oss forslag på gode opplevingar du har hatt på eller ved fotballbana. 

Send DITT forslag med ei kort grunngjeving på Månadens Fair Play til: hildegunn.hove@fotball.no innan den 30. i kvar månad i sesongen, så er din kandidat med i kåringa. 

Vinnaren får besøk, premier og behørig merksemd frå representantar frå NFF Sogn og Fjordane, og det vil bli publisert på kretsen sine nettsider og på facebook.

A-laget tapte på Sande

A-laget tapte på Sande

56857570_2160699444043603_3427875486984830976_n (1)

Eikefjord reiste tysdag til Sande for å spele den tredje bortekampen på rad i årets 6. divisjon avdeling 2.

Eikefjord starta kampen på ein meget oppløftande måte på ei flott kunstgrasbane, og burde kanskje leia med både eit og to mål før det var spelt 20 minutt. Gaular var kloke og kyniske, og fekk etterkvart kampen inn i sitt spor, og trass i at Eikefjord var det beste laget før pause, gjekk dei raude til pause med ei 2-0-leiing. 

I andre omgang kjempa Eikefjord på for å blåse liv i kampen igjen, men hadde ikkje det siste lille på den siste tredelen i dag. På slutten av kampen rakna det for dei oransje og slapp inn både 0-3 og 0-4, som også blei sluttresultatet. 

Eikefjord stilte med følgande lag:

Marcus Tonheim – Torbjørn Endestad, Thomas Øren, Espen Øren, Sondre Nybø – Vegard Henriksen, Øyvind Sørbø, Bjørnar Øren, Adrian Sander Ramsdal, Petter Langeland – Jakob Guddal Hansen.

Benken: Håvard Mjølkeråen, Kent Marius Solheim og Stian Viken.

 

Neste kamp for a-laget er heime mot Hyllestad tysdag 14. mai klokka 19.00. Så møt opp og hei a-laget fram til siger i sesongens første heimekamp!

Første seriekamp for J9

A-laget med sesongens første trepoengar

A-laget med sesongens første trepoengar

Eikefjord vann lokalderbyet mot Tempo i kystbyen fredagskveld. Etter ei tam opning på kampen, vakna dei oransje til liv i andre omgang, og tok med seg ein fullt fortjent 5-2-siger heim att til Eikefjorden.

Laga like langt halvvegs

Kampens første mål kom midtvegs i den første omgangen. Joakim Barlund slår ein strøken ball langs bakken i bakrommet til Jakob Guddal(bilete), som finn Thomas Øren inn i femmeteren. 1-0 til bortelaget. Like etter får Tempo uttelling etter høgt press, og Marcus Tonheim i Eikefjordmålet må sjå at ballen går i nota bak han. 1-1 og like langt halvvegs i kampen. 

Klasseforskjell i andre omgang

Trass i at Eikefjord skapte fleire gode moglegheiter og var det beste laget i første omgang, sat ein med ein følelse av at dei oransjekledde hadde meir å gå på. I andre omgang viser A-laget kva som bur i dei…

Omgangen er ikkje mange minuttar gammal, før ein dødball frå Erling Austreim skapar kaos i boksen til Tempo. Thomas Øren får krangla inn si andre scoring for dagen, og sender Eikefjorden tilbake i leiinga. Denne leiinga auka til 3-1 berre få minuttar seinare, då Øyvind Sørbø finn ein aktiv Jakob Guddal Hansen i bakrom, som aleine gjennom, bankar ballen i nettet. 

Tempo skapte spenning i kampen då dei reduserte til 2-3 på straffe i det 60. speleminutt. Tidlegare Eikefjordspelar Buba Kamaso blei felt av Thomas Øren inni sekstenmeteren. Denne spenninga blei kortvarig, i det Petter Langeland spelar Jakob Guddal Hansen på «blank goall». Ei fantastisk avslutning i lengste hjørnet sørga for at Eikefjord gjekk opp til 4-2. Marius Kjellevold scorte Eikefjord sitt siste mål for kvelden, og fastsat sluttresultatet til 5-2.

 

Kampfakta:

Tempo – Eikefjord 2 – 5 (1-1)

Dommar: Ein meget solid Rolf Kåre Almenning 

0-1 Thomas Øren

1-1 Tempo

1-2 Thomas Øren

1-3 Jakob Guddal Hansen

2-3 Tempo

2-4 Jakob Guddal Hansen

2-5 Marius Kjellevold

 

 

Eikefjord stilte med følgande lag:

Marcus Tonheim – Torbjørn Endestad, Espen Øren, Erling Austreim, Joakim Barlund – Sondre Nybø, Vegard Henriksen, Mats Hovland, Øyvind Sørbø – Thomas Øren, Jakob Guddal Hansen

Benken: Håvard Mjølkeråen, Marius Kjellevold, Petter Langeland, Christian Bauge

 

Ny bortekamp for A-laget

Ny bortekamp for A-laget

Etter 4-6-tap i Fure førre søndag, er det eit revansjesugent Eikefjordlag som fredag reiser til Florø for å møte Tempo.

Kampen mot Fure førre helg var prega av ekstremt mange fråfall grunna sjukdom, skadar og dåp. Men til helgas kamp på Florø Stadion, er mellom anna Erling Austreim, Espen Øren og Thomas Øren tilgjengelege. 

Kampstart er 19.00 på kunstgraset på Florø Stadion. Så møt opp, og støtt dei oransje fram til sesongens første poeng!

Fure blei for sterke på Våge Stadion

Fure blei for sterke på Våge Stadion

Eit skadeskutt Eikefjordlag reiste søndag til Våge Stadion i Fure, for å kjempe om sesongens første poeng. Fure var det sterkaste laget i ei tett batalje, som endte med 6-4-siger til dei blåkledde frå Dalsfjorden.

Reise til bortekamp

Vanlegvis når Eikefjord sitt A-lag reiser på bortekamp i den oransje lagbussen, pleier turen å vere prega av god stemning, latter og mykje hygge. Dagens tur var intet unntak. Bussjåfør Bjørn Erik Haveland serverte den nyaste popmusikken på anlegget, og spelarane kunne kose seg med Kahootquiz som Torbjørn og Mats hadde førebudd i forkant. Det er kjekt å reise på tur med A-laget til Eikefjorden! Då ein ankom den flunkande nye kunstgrasbana i Fure, blei vi mottatt av mange smilande og blide folk, og då spesielt ungar, som helste på oss, ga oss high-fives og så vidare, noko spesielt Øyvind og Marcus synes var stor stas! 

Mange fråfall

I dagane før denne kampen har skadar, sjukdom og barnedåp skapt hodebry for trenarteamet. Heile 14 mann mangla til denne kampen. Trass i dette var det ein heiltent gjeng på 13 spelarar som tok på seg den oransjedrakta i garderoben på Våge Skule. 

 

Målrik første omgang

Eikefjord kom skeivt ut på Våge Stadion denne ettermiddagen. Kun 2 min var spelt då Marcus Tonheim måtte plukke den første ballen ut av nettet. Eikefjord slo tilbake umiddelbart, då Mats Hovland bankar ballen i lengste hjørnet. Fure skårte så to kjappe mål og leia 3-1 før det var spelt 20 minutt på Våge Stadion. 

Våge Stadion er ei forholdsvis lita bane, med mål på 48×90 meter. Dette gjer at lange innkast frå Sondre Nybø blir STORE målsjansar. Og det var på akkurat dette Eikefjord skapte situasjonar og farlege målsjansar i første omgang. Etter ein halvtime spelt landar eit kast frå Nybø i beina på Øyvind Sørbø på bakerste stolpe. Han får slått ut til Torbjørn Endestad, som frå 10 meter får breisida ballen i vinkelen via tverrliggaren. 

Fure går så oppi 4-2, før Trygve Samdal får redusert til 3-4 etter mykje klabb og babb inni feltet. 4-3 er også resultatet då ein meget god kampleiar Andreas Ytredal Akse bles av til pause. 

Mjølkeråens første minutter

Etter 8 laaaange månadar med gips, krykker og opptrening var trenar Håvard Mjølkeråen endeleg tilbake på fotballbana, då han blei bytta inn i pausen i dagens kamp. Mjølkeråen sitt comeback var prega av fleire gode involveringar, og han kunne fort endt på scoringslista i den andre omgangen. 

Men som i første omgang var det Fure det skulle dreie seg om i starten av andre omgang. Fure skårar først 5-3 på ei litt tvilsom straffe, før dei får auka leiinga til 6-3 i det 60.speleminutt. 

Etter dette var det Eikefjorden som tok meir og meir over. Trygve Samdal har ved fleire høve vist at han har krutt i støvlane, og eit kvarter før slutt prikkar han eit frispark frå 25 i mål bak ein sjanselaus Fure-keeper. På dette tidspunktet pressa Eikefjord på for å få med seg poeng heim igjen, og skapar fleire sjansar som kunne gitt uttelling. Fure spelte meir aggressivt og kyniske i sluttminuttane, som måtte avslutte kampen med ti mann etter at ein Fure-spelar pådro seg to gule kort i løpet av eit par minutt. Sjølv om Eikefjord pressa Fure massivt på slutten, fekk ein ikkje fleire mål, og alle tre poenga blei igjen på Våge Stadion. 

Eikefjord sitt lag i dag: 

Marcus Tonheim – Torbjørn Endestad, Jakob Guddal, Trygve Samdal, Christian Bauge, Øyvind Sørbø(C), Buba Kamaso, Adrian Sander Ramsdal, Sondre Nybø, Marius Kjellevold, Mats Hovland

Innbyttarar: Abdirasak Abdullahi, Håvard Mjølkeråen

 

Kampfakta:

Fure – Eikefjord 6-4 (4-3)

Tilskodarar: 100

Kampleiar: Andreas Ytredal Akse (Hyllestad)

 

1-0 Fure

1-1 Mats Hovland

2-1 Fure

3-1 Fure

3-2 Torbjørn Knapstad Endestad

4-2 Fure

4-3 Trygve Samdal

5-3 Fure

6-3 Fure

6-4 Trygve Samdal

Vi i Eikefjord Fotball vil takke dommar, Fure-spelarar og trenarar for kampen og ynskjer dei lykke til med sesongen vidare! Ein ekstra takk til Bjørn Erik, som var så snill å køyre oss til bortekamp! Vi gledar oss til neste tur. 

Tine Fotballskule 2019