Fair Play-vinnarane 2023

Fairplay vinnarane for 2023

I forbindelse med årsfest for aldersbestemte lag søndag 29.01.2024 blei det utdelt heder og ære til spelarar og frivillige.

 
Årets FairPlay spelar for J 13/14 
 
Malene Steindal Sandvik
Malene blir av medspelarane omtala som snill, lojal og alltid positiv. Flink fotballspelar som gir alt. 
 
Årets FairPlay spelar for J 15/17 
 
Tuva Fjell Osland
Tuva blir av medspelarane omtala som positiv, ho gir beskjed, ho har innsats, respekt for andre og ho sprer mykje glede. 
 
Fairplayprisen for frivillighet og engasjament
 
Begrunnelse fra styret: 
 
Dette er ein person som alltid er på tilbud sida. Spør du om nokke er de sjeldent nei, til tross for ein som stort sett har mange jern i ilden. Han har alltid tida vist det gjelder fotball i Eikefjord. Denne karen har bidratt i fotballen i veldig mange år, og han har også hatt ei jente som spelar fotball på Eikefjord. Han har som foreldre verkeleg bidratt som nettopp foreldre. Han har stilt opp som sjåfør utallige ganger, han er på treninger, kampar både borte og heime og ikkje minst har han gjort det mogleg for at jentene kunne reise til Norway Cup med sine utallige loddsalg og framskaffa premiar i forbindelse med tidenes basar i Eikefjorden. Veldig fortjent at årets FairPlay pris for frivillighet og engasjament går til Steinar Svardal 
 
 
Eikefjord fotball gratulerer vinnarane med dei velfortjente prisane. 

Aldersbestemt årsfest for 2023

Søndag 28.01 blir det årsfest for aldersbestemte lag i Fleirbrukshallen. Aldersgruppe: 5-17 år.

Frå kl. 1600 i fleirbrukshallen, skal vi feire og gjere stas på våre unge lovandes. Det blir servering av pølser, brus, kaffi og kaker.

Har du bilete frå sesongen så er vi takksam om du kan sende det til oss på post@eikefjord- fotball.no så ser vi kva vi får til av fremvisning.

Alle aktive med familie er hjarteleg velkomne i fleirbrukshallen denne ettermiddagen.

 

Styret i Eikefjord fotball

 

 

Eikefjord Fotball arrangerer futsalturnering i fleirbrukshallen kommande søndag

Søndag 05.11 arrangerer Eikefjord Fotball futsalturnering i aldersgruppa 10-14 år.  Fleirbrukshallen ved skulen.
Kampoppsettet finn de i Profixio, men det vil også henge i hallen.

Parkering

Når det gjeld parkering er det bra med parkering på skulen sin parkering denne dagen. 

Registrering

Når de ankommer hallen er det viktig at kvart lag registrerer sin ankomst i sekreteriatet. 

Garderober

Det er fire garderober i hallen, to jente- og to gutegarderober, noko som betyr at fleire lag må dele garderobe. På dørene inn til garderobane heng det liste med kva lag som høyrer til kvar garderobe. 

Kiosk
Kiosken er open denne dagen med sal av kaffi, vafler, pølse og brød m.m. Betaling skjer med vipps. Kiosken finn de midt på tribuna og i amfiet til skulen. 

Info om kampane: 

Kampane varer i 9 minutt og det er 1 minutt mellom kampane, noko som betyr at lag må raskt av og på bana. Sekreteriatet startar og avsluttar kampane presist, noko som betyr at klokka startar sjølv om eit lag ikkje er klar på bana. Elles gjeld vanlege futsalreglar. 

Eikefjord Fotball har fokus på Fair Play, men på grunn av kort tid mellom kvar kamp blir det ikkje Fair Play-helsing før og etter kamp. Vi oppmodar likevel alle involverte denne dagen til å vise respekt til dommarar, med- og motspelarar, trenarar og andre i hallen denne dagen. 

Eikefjord Fotball vil ynskje alle lag med spelarar, trenarar og foreldre velkommen til Eikefjord Fleirbrukshall.

Rikke Fraas Øren er tatt ut til toppgruppa Team Sogn og Fjordane

Rikke Fraas Øren er tatt ut til Toppgruppa Team Sogn og Fjordane

Foto: Privat

Rikke Fraas Øren er ei av 13 jenter som er tatt ut til toppgruppa Team Sogn og Fjordane for perioden 1.10 – 31.12.23. 
Team Sogn og Fjordane er ein del av NFF Sogn og Fjordane sitt oppfølgingsarbeid av kretsens største talent på jentesida. 

Team Sogn og Fjordane er NFF Sogn og Fjordane si toppgruppe for jenter slik den er framstilt i Landslagsskulen: 

Skjermbilete tatt av NFF Sogn og Fjordane(Jan Tore Jåstad) sitt infoskriv til klubbane

Målgruppa er dei største talenta i kretsen på tvers av alderskull. Spelarane er dei som blir vurdert som aktuelle for Nasjonale tiltak.

Under ligg lista med samtlege spelararar som er tatt ut:  

Skjermbilete tatt av NFF Sogn og Fjordane(Jan Tore Jåstad) sitt infoskriv til klubbane

Eikefjord Fotball gratulerer og ønsker Rikke lykke til! 

Foto: Privat

Rikke Fraas Øren deltek denne helga på Torshov jente elite cup på Hamar

Rikke Fraas Øren blei i i høst tatt ut på kretslag Sogn og Fjordane J13. Dette er andre året Rikke er på Kretslaget. Blant dei 22 spelarane som er på kretslaget, er Rikke blant dei 16 som denne helga blei tatt ut til å spele Torshov jente Elite cup på Hamar. Der deltek dei fleste kretslag i NorgeS Første Kamp lørdag spelte Sogn og Fjordane 1-1 mot kretslaget til Oslo. Kamp 2 endte 0-0 mot NFF Vestfold. Rikke spelte samtlege minutt, og nye kamper ventar i dag.

Eikefjord Fotball ønsker Rikke og Kretslaget lykke til vidare🙂

Eikefjord møter Førde 3 måndag 11.september

Eikefjord tek i mot Førde 3 til heimekamp måndag 11.september. Kampen har avspark 19.00 på kunstgraset i Eikefjorden. 

Eikefjord kjem frå ein knallsterk 2-0 seier brorte mot Florø 2 førre fredag. 
Ta turen på stadion måndag og støtt gutane i kampen for tre poeng!

Terminliste for 5. divisjon herrer

Etter bronse i Eikefjord Cup kan a-laget begynne å forberede seg til første serierunde i 5. divisjon. Under ser de terminliste for 2023-sesongen, som starter med bortekamp på Dingemoen i Dale 28. april. I utgangspunktet er søndag kampdag, men nokre av kampane er flytta til fredag og måndag. 

Førde 3 vann Eikefjord Cup 2023

Førde 3 vann årets utgåve av Eikefjord Cup etter at dei slo Førde 2 7-4 i finalen.

Eikefjord blei nummer 3 etter at dei slo rivalen Bremanger 2-0 i bronsefinalen. Florø 3 vann kampen om 5. Plassen 3-1 mot Tempo.

Eikefjord Fotball vil takke spelarar, trenarar og publikum for eit godt gjennomført arrangement!

Sjekk ut Eikefjord Fotball si facebookside for å sjå bilete frå helga.

Under ser de resultat frå helgas kampar:

Resultat frå laurdagens kampar:

Førde 2 – Florø 3 : 5-0

Eikefjord – Førde 3: 2-3

Bremanger – Florø 3: 1-1

Førde 3 – Tempo: 2-2

Bremanger – Førde 2: 2-2

Eikefjord – Tempo: 4-2

Kampar søndag:

Kamp om 5. Plass:

11.00: Florø 3 – Tempo: 3-1

Bronsefinale:

13.00: Eikefjord – Bremanger: 2-0

Finale:

15.00: Førde 2 – Førde 3: 4-7

Resultat frå laurdagen på Eikefjord Cup

Laurdagens kampar på Eikefjord Cup vart gjennomført i strålande veir. Seks lag har vore i aksjon, og oppsettet for søndagens kampar er no klart. 

Resultat frå laurdagens kampar:

Førde 2 – Florø 3 : 5 -0

Eikefjord – Førde 3: 2-3

Bremanger – Florø 3: 1-1

Førde 3 – Tempo: 2-2

Bremanger – Førde 2: 2-2

Eikefjord – Tempo: 4-2

Kampar søndag:

Kamp om 5. Plass:

11.00: Florø 3 – Tempo

Bronsefinale:

13.00: Eikefjord – Bremanger

Finale:

15.00: Førde 2 – Førde 3

Eikefjord Cup er tilbake etter fire år!

Etter fire år utan cup kan Eikefjord Fotball igjen ønske velkommen til Eikefjord Cup i palmehelga 1.- og 2. april! Årets utgåve er den 38. I rekkja og er den første cupen sidan 2019. I år har vi gleda av å invitere FK Tempo, Florø 3, Bremanger, Førde 2 og Førde 3 til vårens vakraste eventyr. Kampoppsettet blir slik som det alltid har vore; gruppespel laurdag og plasseringskampar/sluttspel søndag.

Pulje 1:

Eikefjord, Tempo, Førde 3

Pulje 2:

Førde 2, Bremanger, Florø 3

Kampoppsett laurdag: (kampane spelast 2×30 min):

10.00 Førde 2 – Florø 3

11.15 Eikefjord – Førde 3

12.30 Florø 3 – Bremanger

13.45 Førde 3 – Tempo

15.00 Bremanger – Førde 2

16.15 Eikefjord – Tempo

Kampoppsett søndag: (Kampane spelast 2×45 min):

11.00 Kamp om 5. plass

13.00 Bronsefinale

15.00 Finale

Under finn du bilete frå forrige gang Eikefjord Cup blei arrangert: