
Eikefjord vann lokalderbyet mot Tempo i kystbyen fredagskveld. Etter ei tam opning på kampen, vakna dei oransje til liv i andre omgang, og tok med seg ein fullt fortjent 5-2-siger heim att til Eikefjorden.
Laga like langt halvvegs
Kampens første mål kom midtvegs i den første omgangen. Joakim Barlund slår ein strøken ball langs bakken i bakrommet til Jakob Guddal(bilete), som finn Thomas Øren inn i femmeteren. 1-0 til bortelaget. Like etter får Tempo uttelling etter høgt press, og Marcus Tonheim i Eikefjordmålet må sjå at ballen går i nota bak han. 1-1 og like langt halvvegs i kampen.
Klasseforskjell i andre omgang
Trass i at Eikefjord skapte fleire gode moglegheiter og var det beste laget i første omgang, sat ein med ein følelse av at dei oransjekledde hadde meir å gå på. I andre omgang viser A-laget kva som bur i dei…
Omgangen er ikkje mange minuttar gammal, før ein dødball frå Erling Austreim skapar kaos i boksen til Tempo. Thomas Øren får krangla inn si andre scoring for dagen, og sender Eikefjorden tilbake i leiinga. Denne leiinga auka til 3-1 berre få minuttar seinare, då Øyvind Sørbø finn ein aktiv Jakob Guddal Hansen i bakrom, som aleine gjennom, bankar ballen i nettet.
Tempo skapte spenning i kampen då dei reduserte til 2-3 på straffe i det 60. speleminutt. Tidlegare Eikefjordspelar Buba Kamaso blei felt av Thomas Øren inni sekstenmeteren. Denne spenninga blei kortvarig, i det Petter Langeland spelar Jakob Guddal Hansen på “blank goall”. Ei fantastisk avslutning i lengste hjørnet sørga for at Eikefjord gjekk opp til 4-2. Marius Kjellevold scorte Eikefjord sitt siste mål for kvelden, og fastsat sluttresultatet til 5-2.
Kampfakta:
Tempo – Eikefjord 2 – 5 (1-1)
Dommar: Ein meget solid Rolf Kåre Almenning
0-1 Thomas Øren
1-1 Tempo
1-2 Thomas Øren
1-3 Jakob Guddal Hansen
2-3 Tempo
2-4 Jakob Guddal Hansen
2-5 Marius Kjellevold
Eikefjord stilte med følgande lag:
Marcus Tonheim – Torbjørn Endestad, Espen Øren, Erling Austreim, Joakim Barlund – Sondre Nybø, Vegard Henriksen, Mats Hovland, Øyvind Sørbø – Thomas Øren, Jakob Guddal Hansen
Benken: Håvard Mjølkeråen, Marius Kjellevold, Petter Langeland, Christian Bauge