Skip to content

Før Eikefjord J11 sin kamp mot Førde måndag, skulle Tuva Fjell Osland motta Fair Play pris av Siri Rognsø frå fotballkretsen. Begge laga, i tillegg til mange foreldre var publikum då ei stolt jente frå Sørgarden fekk både diplom og blomster. Laget til Tuva mottok også nye drikkeflasker og ballar, som ein følge av ei hending som skjedde i Førde i juni.

Sa frå til dommaren

Kvar månad i sesongen (mai, juni, august, september) blir det kåra ein vinnar, basert på innsendte forslag frå alle som er engasjerte i fylkesfotballen i Sogn og Fjordane. 

«Eikefjord J 11 spilte kamp borte mot Førde 4 J 11, 17/6-19. På stillinga 0-1 til Eikefjord hadde Førde eit skudd som keeper redda, og deretter spratt langs streken. Veldig vanskelig for dommar og oss andre å sjå om den var inne. Dommar hadde nok ikkje dømt mål, men keeperen vår, Tuva Fjell Osland, gav beskjed til dommaren at ballen var inne. Dermed blei det dømt mål til Førde. Synes det var i veldig fair play ånd og applaus til Tuva!»

Kretsen skriver på sine sider at Tuva viser gode haldningar med denne hendinga! Sjølv om kampen står og vippar, er ho ærleg og viser respekt for spelet og motstandarlaget. Ein flott ambassadør for J11-laget og for Eikefjord IL! 

Vi i Eikefjord Fotball gratulerer Tuva med ein velfortjent pris! Også kjekt å sjå at lagvenninnene var stolte på Tuva sine vegner! 

Jentene vann mot Førde

Etter prisutdelinga var det klar for kamp på Eikefjord Idrettspark. Tuva tok på seg keeperhanskane, og stilte seg i målet. Med seg på laget hadde ho 7 andre jenter, som saman skulle kjempe for sigeren på heimebane. 

Første omgang var prega av at jentene hadde heile 8 kampar i beina, etter turen til Lærdalsturneringa i helga. Det første kvarteret var prega av lite sjansar, heilt til kaptein og nr 10, Frida Fraas Øren, scorar frå drøye ti meter. 1-0 til dei oransje, noko som også var stillinga til pause. 

Etter kvilen, er eikefjordingane meir på hugget. Dei tek full kontroll over banespelet, og skapar fleire sjansar utover i omgangen, med nemnte Fraas Øren, og Mathilde Svardal i spissen. Halvvegs ut i omgangen legg Fraas Øren på til 2-0, før Mathilde Svardal scorte både 3-0 og 4-0. Fleire scoringar blei ikkje det på stadion i kveld, og Eikefjord J11, kunne sleppe jubelen laus! 

Redaksjonen vil også legge til at samtlege jenter viste imponerandre innsats og pågangsmot gjennom heile kampen. Ein flott gjeng, som kjempar for kvarandre! 

Eikefjord J11 stilte med følgande lag:

Tuva Fjell Osland, Helene Håøy, Linnea Marie Sæterlid, Oline Apalseth, Mia Terøy Valberg, Mathilde Svardal, Rikke Fraas Øren og Frida Fraas Øren. 

Kampfakta:

Eikefjord – Førde 4-0 (1-0)

Dommar: Ei meget god Tale Seljeseth

1-0 Frida Fraas Øren

2-0 Frida Fraas Øren

3-0 Mathilde Svardal

4-0 Mathilde Svardal