Skip to content

Når Florø 3 kjem til Eikefjorden tysdag, er det to topplag som møtast på krøllgraset i Kvalvikdalen. Eikefjord leiar tabellen, eit poeng foran Florø 3 og Fure. Dei oransje har riktignok ein kamp meir spelt, noko som gjer at Eikefjord helst skal vinne mot dei unge bygutane.

I førre runde tapte Eikefjord 0-1 borte mot Askvoll/Holmedal, medan Florø 3 knuste Høyang 2 10-0 heime. Eikefjord er med andre ord revansjesugne og klar for å sende dei blå og svarte tilbake til Florø med null poeng. Ta turen til stadion tysdag klokka 19.00, og støtt tangotrøyene i kampen om tre svært viktige poeng!