I strålande solskinn kunne leiar i Eikefjord idrettslag, Julie Humlestøl-Titlestad ynskje Norges idrettspresiedent Berit Kjøll velkommen til Eikefjord. Kjøll kom til bygda ilag med Nils R Sanddal og fleire representantar frå Vestland idrettskrins. Formålet med besøket var å komme tettare på idrettslaga for å høyre om aktivitet, frivilligheit og anlegg. På møtet var det òg eit bredt utvalg av lokalpolitikarar og frivillige i EIL og leiar av Kinn idrettsråd, Trine Havn.
Innkalling til ekstraordinært årsmøte i EIL
Stad: Musikkrommet på EBU
Når: Torsdag 20. april kl. 20.00
Sakliste:
1. Godkjenning av innkalling og sakliste
2. Val av møteleiar.
3. Økonomi , godkjenning av budsjett.
4. Sette ned utvalg for utarbeiding av bruk av kommunikasjon i EIL.
5. Sette ned utvalg for eventuell innkjøp/ leasing av buss.
Vel møtt!
Ny leiar i Eikefjord Idrettslag
På årsmøtet 5. mars vart Julie Humlestøl-Titlestad valgt til ny leiar i Eikefjord Idrettslag.
Continue readingÅrsmøte 2023
Vedlagt her ligg gjeldande lovnorm, årsmeldingar, rekneskap og vedtakssaker som skal opp på årsmøte 5. mars 2023 kl. 18.00 for Eikefjord idrettslag på Allhuset. Oppmodar alle om å setje seg inn i sakene før årsmøtet. Budsjett, organisasjonsplan og årsmeldingar frå tre av særgruppene vert lagt ut i fortløpande.
Årsoppgjør: https://acrobat.adobe.com/id/urn:aaid:sc:EU:ddfdae2c-e53d-4551-8912-be60d4261d7f
Årsmelding hovudlag: https://acrobat.adobe.com/id/urn:aaid:sc:EU:4c4f1efb-0ebe-41ab-9978-23fd78465fd5
Årsmelding fotball: https://acrobat.adobe.com/id/urn:aaid:sc:EU:906708df-41b7-4934-bff1-5e845bea4b74
Organisasjonsplan: https://acrobat.adobe.com/id/urn:aaid:sc:EU:0ac44bda-c41f-4057-b7c0-b2cd15fa49ca
Årsmelding ETS: https://acrobat.adobe.com/id/urn:aaid:sc:EU:a3d24fc9-7508-403b-898b-62f9d62a68b6
Årsmøte 2023
Årsmøte i Eikefjord idrettslag vert søndag 5.Mars kl 18.00 – stad: Allhuset
Om du ønskjer å melde sak til årsmøte er fristen 20. februar. Du sender framlegget til vår epostadresse post@eikefjordidrettslag.no eller tek kontakt med eit styremedlem https://eikefjordidrettslag.no/hovedstyret/
Endeleg innkalling med saksliste og årsmelding blir klar 26. februar- og lagt ut på heimesida –
Hugs at du må vere medlem for å kunne stemme over sakene.
Har du gløymt noko?
Det er lett å gløyme att noko, og i Eikefjordhallen ligg det no fire store sekker med gjengløymte klede. Her er alt frå flotte ytterjakker og (ski-)sko til slips og Dracula-jakke! Kanskje du saknar noko som poden din har hatt? Skoa og kleda vil bli lagt ut på tribuna i veke 3. Ta ein titt gjennom bildegalleriet her, og kom og hent viss du kjem over noko som er ditt. Viss det ikkje vert henta vil det gitt vidare til gjenbruk (Fretex e.l.).
Open hall – 4. søndag i advent
Vi treng fleire på laget, er du med?
Laurdag 10. september 2022 arrangerer Kreftforeningen «Stafett for livet» på Førde stadion. Eikefjord IL stiller lag, og vi treng fleire med på laget – fleire vi kan veksle med! Vi skal ikkje springe (du kan om du vil), men gå rolig rundt bana på Førde Stadion.
Vil du være med så blir vi glad for at du melder deg på. Send ein SMS til leiar i Idrettslaget – Per-Øyvind Sørbø (tlf: 480 24 999) eller gå inn på Facebook-sida til Eikefjord Idrettslag og melde deg på.
Kvifor skal DU være med? Sjå kva stafetten går ut på:
I Kreftforeninga sin Stafett for livet deltek lag som kan bestå av familie, vener, skular, foreiningar, firma og andre i ein 24 timar lang stafett. Bak kvart lag er det ei historie – eit menneske som laget vil støtte eller minnast.
I eit heilt døgn går eller spring vi til støtte for alle kreftråka rundt om i landet. Stafetten symboliserer kampen ein kreftpasient går gjennom og visualiserer at det alltid bør vere nokon på bana for den som er sjuk. Arrangementet består av lag av ulik storleik, der deltakarane ikkje går eller spring mot kvarandre, men med kvarandre.
Det blir også arrangert ulike aktivitetar i løpet av dei 24 timane stafetten varer. For eksempel underhaldning frå scena, stand med informasjon om kreft, og kreftforeninga sine tilbod om og innsamlingsaktivitetar.
Stafett for livet
Eikefjord Idrettslag har meldt på lag til Kreftforeningens arrangement «Stafett for livet» i Førde 10. – 11. september. Det er eit gratis arrangement som varer i 24 timer. Vi starter lørdag 10. september klokken 12.00, og avslutter søndag 11. september klokken 12.00. Idrettslaget oppmodar folk til å bli med på stafetten!
Vil du gå saman med Eikefjord Idrettslag?
Klikk her for å melde deg på
Om Stafett for livet:
I Kreftforeningens Stafett for livet deltar lag bestående av familier, venner, skoler, foreninger, arbeidsplasser og andre i en 24 timer lang stafett. Bak hvert lag er det en historie – et menneske som laget vil støtte eller minnes.
Hva skjer under stafetten?
I et helt døgn går eller løper vi til støtte for alle kreftrammede rundt i landet. Stafetten symboliserer kampen en kreftpasient går igjennom og visualiserer at det alltid bør være noen på banen for den som er syk. Arrangementet er en stafett med lag av ulik størrelse, der deltakerne ikke går eller løper mot hverandre, men med hverandre.
- Fighterrunde: Arrangementet begynner med en «fighterrunde». Fightere er stafettenes æresgjester – de som selv har eller har hatt kreft. Lokalmiljøet heier og hyller sine fightere, som samlet går den første runden rundt løypa.
- Stafett: De neste 24 timene går stafetten rundt banen. Hvert lag forplikter seg til å ha minst én deltaker på banen til enhver tid. Alle lagene har et deltakertelt der de møtes mellom sine runder. Her er det rom og tid for uformelle møter, samtaler, hvile og mat.
- Lysseremoni: Når mørket faller på dempes musikken, lyset og aktivitetsnivået på området. Alle deltakerne samles til en felles lysseremoni. Under lysseremonien minnes deltakerne dem de har mistet og viser sin støtte til dem som står i stormen nå.
- Avslutning: Etter et døgn er gått, samles alle deltakere, frivillige og arrangører til en felles avslutning og feiring.
Det blir også arrangert ulike aktiviteter i løpet av de 24 timene stafetten varer. For eksempel underholdning fra scene, informasjonsstands om kreft og Kreftforeningens tilbud og innsamlingsaktiviteter.
Treningsfrue til Eikefjord
Laurdag 3. september kjem profilerte Camilla Aastorp, bedre kjent som Treningsfrue, til Eikefjord for å halde foredrag om trening. I tillegg vil ho gjennomføre ei times treningsøkt som instruktør nede i sjølve hallen for dei som ønsker å ta del.
Treningsfrue er ein kjent treningspersonlegheit og influencer med over 135 000 følgarar på Ingstagram. Ho er blant anna kjenneteikna for sin gode fysikk og treningsmetodar. Ho trener ikkje spesifikt på noko, men varierer mykje. Treningsøkta i Eikefjord vil gjennomførast ved at alle får sin «stasjon», og deretter brukes kroppen som vekt i ein mengde ulike øvingar.
Prisane er:
Foredrag: vaksne kr 200 – barn kr 100
Trening: vaksne kr 250 – barn kr 150
Begge deler: vaksne kr 400 – barn kr 250
Betaling og påmelding på Vipps: 135370
– husk å merke betalinga med kva det gjeld: foredrag, trening eller begge deler