Herre i eige hus

10. juni signerte idrettslaget kontrakt med Kinn kommune om å leige Eikefjord flerbrukshall og Eikefjord stadion. Dette innebærer mellom anna at EIL får no ansvaret med å koordinere treningstider, kamptider og andre arrangement, både i fleirbrukshallen og på stadion, og i tillegg vil idrettslaget ta over drifta av låsesystemet i hallen, som inkluderer handsaming av nøkkelkort. Dette er ein treårsavtale, der første året vert eit prøveår.

Nytt kapittel i hyttesogaen

Som mange sikkert har lagt merke til så er den nybygde turhytta komen inn i fjorden. Den står no på stadion og ventar på å bli plassert ut i fjellet ein stad. Som dei fleste har fått med seg så er ikkje Lienselet på Eikefjordstøylen lenger ein aktuell stad å sette den. Idrettslaget har snart halde på med dette hytteprosjektet i 4 år og vi håpar at vi no kan sette punktum ved å klare å finne ein stad i fjellheimen. Tømrerlinja ved Flora VGS har bygd hytta, og det gjenstår noko tømrerarbeid og beising før eit helikopter kan ta den siste turen til fjells. MEN: Kor skal den stå???

Tusen takk, Firdaposten!

Den nystarta gruppa i Eikefjord Idrettslag, Turglede, har fått støtte på 50 000 kr frå Firdaposten. Pengane skal brukast til å markedsføre prosjektet og er eit samarbeidsprosjekt med grendene rundt eikefjordområdet. Les med om dette på Eikefjord Idrettslag si Facebook-side: https://www.facebook.com/eikefjordIL/

Tusen takk for gåva!

Vi fekk 100 000 kr frå Sparebankstiftinga på søknad om nytt lysanlegg på kunstgrasbana! Vi er snart i mål med eit fantastisk anlegg som vil gje mange eikefjordingar og tilreisande gode idrettsopplevingar. Det er lagt ned mange dugnadstimar og vi har brukt ca. 300 000 kr av eigne midlar for å få dette til. Nytt lysanleggg og kiosk er det neste som vil sette prikken over i`n. Vi gler oss!

Les meir på https://www.firdaposten.no/om-du-trudde-det-berre-er-elendigheit-med-den-nye-kunstgrasbana-i-eikefjord-ma-du-tru-om-igjen/s/5-16-601456

Open hall 24.04.2022

Det er atter ein gong duka for leik, morro, aktivitet og ein koseleg prat over ein kaffe og/eller vaffel i fleirbrukshallen i Eikefjord. Vi opnar hallen kl. 11 og håpar på at små og store tek turen!

Open dag

Laurdag 26.juni inviterar EIL til open dag på Eikefjord stadion!

Og vinnaren er…

Lars Fraas på plass nummer 16! Han kan hente seg eit gåvekort på 500 kr hos Sport1. Heile 72 personar har klart 20 poeng eller meir så langt i årets trimpoengkonkurranse. Godt jobba! Ein må også applaudere dei som allereie har bikka 100 poeng:

  1. Tore Øren
  2. Jofrid Sundal
  3. Ove Hatleset
  4. Dan Kåre Esp
  5. Vidar Knapstad
  6. Bodil Kathrine Banne
  7. Kenn Roger Banne
  8. Monica Anette Knapstad
  9. June-Anne Nordnes
  10. Sandra-Jeanett Østhus Pedersen
  11. Tove-Lise Gaare Mo
  12. Eva Bergstrøm

Påskeharen premierer trimpoeng!

500,- i gavekort på Sport1 blir trekt ut tilfeldig på deltakerlista av dei som har sanka inn minst 20 poeng innan 1. påskedag. God tur!