Skip to content

Treningsfrue til Eikefjord

Bilete_vektløfting

Laurdag 3. september kjem profilerte Camilla Aastorp, bedre kjent som Treningsfrue, til Eikefjord for å halde foredrag om trening. I tillegg vil ho gjennomføre ei times treningsøkt som instruktør nede i sjølve hallen for dei som ønsker å ta del.

Treningsfrue er ein kjent treningspersonlegheit og influencer med over 135 000 følgarar på Ingstagram. Ho er blant anna kjenneteikna for sin gode fysikk og treningsmetodar. Ho trener ikkje spesifikt på noko, men varierer mykje. Treningsøkta i Eikefjord vil gjennomførast ved at alle får sin «stasjon», og deretter brukes kroppen som vekt i ein mengde ulike øvingar.

Prisane er:
Foredrag: vaksne kr 200 – barn kr 100
Trening: vaksne kr 250 – barn kr 150
Begge deler: vaksne kr 400 – barn kr 250

Betaling og påmelding på Vipps: 135370
– husk å merke betalinga med kva det gjeld: foredrag, trening eller begge deler