Skip to content

Vi treng fleire på laget, er du med?

mann med stafett pinne
Laurdag 10. september 2022 arrangerer Kreftforeningen «Stafett for livet» på Førde stadion. Eikefjord IL stiller lag, og vi treng fleire med på laget – fleire vi kan veksle med! Vi skal ikkje springe (du kan om du vil), men gå rolig rundt bana på Førde Stadion.

Vil du være med så blir vi glad for at du melder deg på. Send ein SMS til leiar i Idrettslaget – Per-Øyvind Sørbø (tlf: 480 24 999) eller gå inn på Facebook-sida til Eikefjord Idrettslag og melde deg på.

Kvifor skal DU være med? Sjå kva stafetten går ut på:
I Kreftforeninga sin Stafett for livet deltek lag som kan bestå av familie, vener, skular, foreiningar, firma og andre i ein 24 timar lang stafett. Bak kvart lag er det ei historie – eit menneske som laget vil støtte eller minnast.

I eit heilt døgn går eller spring vi til støtte for alle kreftråka rundt om i landet. Stafetten symboliserer kampen ein kreftpasient går gjennom og visualiserer at det alltid bør vere nokon på bana for den som er sjuk. Arrangementet består av lag av ulik storleik, der deltakarane ikkje går eller spring mot kvarandre, men med kvarandre.

Det blir også arrangert ulike aktivitetar i løpet av dei 24 timane stafetten varer. For eksempel underhaldning frå scena, stand med informasjon om kreft, og kreftforeninga sine tilbod om og innsamlingsaktivitetar.