Skip to content

Idrettspresidenten på besøk i bygda

Leiaren viser idrettspresidenten ein av dei nye aktivitetane i idrettslaget: Allidrett for 2-5-åringar.

I strålande solskinn kunne leiar i Eikefjord idrettslag, Julie Humlestøl-Titlestad ynskje Norges idrettspresiedent Berit Kjøll velkommen til Eikefjord. Kjøll kom til bygda ilag med Nils R Sanddal og fleire representantar frå  Vestland idrettskrins. Formålet med besøket var å komme tettare på idrettslaga for å høyre om aktivitet, frivilligheit og anlegg. På møtet var det òg eit bredt utvalg av lokalpolitikarar og frivillige i EIL og leiar av Kinn idrettsråd, Trine Havn.