Florø Fotball inviterer til akademi/løkkelørdag

Også i år inviterer Florø Fotball til akademi!

Nytt av året er Løkkelørdag, som er eit lågterskeltilbod som har fokus på å spele kampar i binger og på 5arbaner. Dette gjeld for aldersgruppa 2013-2015. 

For første gong er det eit tilbod om jente-akademi for årsklassane 2006-2010. Om det er jenter som vil følge det ordinære akademiet, så melder dei seg på der, men dei har altså då tilbod om eit jenteakademi utan ekstra avgift. 

Ivrig-akademiet vil i år bestå av årsklassane 2010-2012. 

Eldre ungdom 2009 og oppover, vil i år som dei foregåande år, delast inn etter påmelding. 

Frist for påmelding jenteakademiet er 4. november. Øvrige grupper er 12. november.

Trykk her for påmelding til akademi

 

 

Kongleriket Miniputt-turnering 2021

Søndag gjekk Kongleriket Miniputt-turnering av stabelen på Eikefjord Stadion, og denne dagen var det trafikktryggleik som var tema. Trass i nokre utfordringar med veir og vind søndagsmorgon, var dagen fylt med fotballglede og mykje god aktivitet for våre yngste fotballspelarar. 

Eikefjord Fotball vil takke alle deltakande lag med spelarar og trenarar, alle foreldre og frivillige for at gjennomføring av dagen gjekk så bra som den gjorde. Vi vil også skryte av dei flinke unge gute- og jentedommarane våre. 

Søndag er det klart for Kongleriket på Eikefjord Idrettspark

Søndag 03. oktober er det duka for ein ordentleg folkefest på Eikefjord Stadion! Då er det nemleg klart for Kongleriket, og våre yngste fotballspelarar skal i aksjon. Landet er opna opp at, og alt ligg til rette for ein fantastisk dag for fotball i Kvalvikdalen denne dagen. Denne turneringa har av fleire blitt omtalt som «Mine-Eikefjorddagane», og vi håpar på mykje folk, som blir ramma for mykje god aktivitet denne dagen. 

Denne søndagen er det trafikktryggleik som er fokusområde. På NFF Sogn og Fjordane sine heimesider står det følgande:

«Fotballglede og høg aktivitet står alltid i fokus på Kongleriket Miniputt. I tillegg set vi i kvar runde fokus på ulike haldningsskapande tema som vi ønskjer å formidle til miniputtane vår og foreldre/føresette. I denne runden set vi fokus på «Trafikksikre miniputtar» med profilering og tiltak som handlar om korleis vi ferdast trygt i trafikken til og frå trening og kamp.»

Parkering

Det er noko begrensa parkeringsplassar på stadion, så vi oppmodar difor laga i frå vest om å parkere på Nesjane(sjå oversiktsbilete under). Det blir satt opp skilt og det vil vere parkeringsvakter med gul vest både på Nesjane og på stadion.

Kiosk

Det blir mulighet for å kjøpe seg noko godt i kiosken, og det blir utsalg frå to kioskar på stadion. Merk dykk betaling KUN via Vipps! 

Fair Play

Fair Play vil vere i fokus, og vi oppmodar om Fair Play-helsing i etterkant av kampane.

Nedanfor ser du bilete frå førre gong Kongleriket Miniputt-turnering blei arrangert i Eikefjord i 2019. 

Vi i Eikefjord Fotball vil ynskje dykk alle hjarteleg velkommen til Eikefjord Idrettspark på søndag! Køyr varsamt og hugs bilbelte!

Eikefjord Fotball inviterte Florø til miniturnering søndag

Søndagsformiddag var 21 fotballglade miniputtar samla for ei lita turnering på stadion. Det var kjekt å sjå fotballgleden, spenninga og meistringsfølelsen til våre unge fotballspelarar. 

Takk til Florø gutar 2014 som heiv seg på denne spontane turneringa! r

Eikefjord G15-17 tek i mot Askvoll/Holmedal til heimekamp søndag

Kommande søndag, 06.06, klokka 14.00 er det endeleg heimekamp for gutelaget vårt igjen. På motsatt banehalvdel står Askvoll/Holmedal 2. 

Gutane skal i år spele 9ar-fotball, og det er Bjarte Liseth som er trenar for laget. 

Laget består av følgande spelarar:

David Tea, Tommy Dalberg-Lillemo, Odd Ivar Olsen Endestad, Erik Liseth, Jonas Hovland, Niklas Bjørnestad Tonheim, Sindre Heimseter, Elias Øren Halvorsen, Edward Holsen Gardner, Torbjørn Løkkebø Redal, Kristoffer-Andreas Endestad, Gisle Fjell Osland og Ola-Mathias Endestad.

Grunna koronarestriksjonar blir det ikkje kiosk, men vi i Eikefjord Fotball håpar du tek med deg familie og/eller venner i idrettsparken på søndag for å heie gutane fram! Vel møtt til kamp på stadion søndag! 

Eikefjord Fotball arrangerer Tine Fotballskule

Eikefjord Fotball arrangerer Tine Fotballskule 28.06.21- 01.07.21. Aldersgrense er 6-13 år, og pris per barn er 945 kr. 

Påmeldingsfrist er: 20.06.21 

Påmelding til TINE Fotballskule. Benytt vedlagt lenkje.


https://www.superinvite.no/?fbclid=IwAR2YtlHckE8ZnHhM0TVO06qM4zd96jnR0PxFuP9OuIW9uB_iu_vy6X3-rB8#/invitation/3f2dff7862a70f97a59a1fa02c3ec110


Generell informasjon: 

• Skulen startar kl. 10:00 og sluttar kl. 14:00 alle dagar 

• Inkl. i prisen er TINE ryggsekk, T-skjorte, samt Litago Lettere Sjokoladesmak kvar dag! 

• Ta med matpakke

 

Har du spørsmål ta kontakt på e-post: post@eikefjord-fotball.no 

Eller Ole Jacob Endestad på tlf 91363616


Dommarsamling i Eikefjord

Det vart avholdt samling for våre håpefulle dommara torsdag 6 mai.

Dagen startet med Tale som debuterte i 9 ar kamp med G12 mellom Eikefjord- Florø. Det løyste ho på ein framifrå måte i sol og haglebyger på Eikefjord kunstgress. Er til inspirasjon for andre det å bevege seg frå ein 7 ar kamp og sikte mot 11 ar og kampar i fylket. Totalt 3 stk av våre unge som ynskjer å bidra til at aldersfastlagde kampar blir gjennomført. Er ein særs viktig jobb i klubben å sjå alle og det gjeld og våre dommera. Det at vi og har 2 jenter med, som klubbdommara med fullført rekrutteringsdommarkurs er kjekt. Og i tillegg har unge Mads Mikkel fullført det same kurset og dømte fotball i flere sesonger.

Desse stilte

Vegard Yndestad- Dommarveiledar EIL Fotball

Dan Kåre Esp – Medlem i dommarkomiteen NFF Sogn og Fjordane

Mads Mikke Due- Rekrutteringsdommar EIL

Linea Bortne Haveland- Rekrutteringsdommar EIL

Tale Seljeseth- Rekrutteringsdommar EIL

Ole Jacob Endestad- Styreleiar EIL Fotball