Skip to content

Søndag er det klart for Kongleriket på Eikefjord Idrettspark

webfotball6

Søndag 03. oktober er det duka for ein ordentleg folkefest på Eikefjord Stadion! Då er det nemleg klart for Kongleriket, og våre yngste fotballspelarar skal i aksjon. Landet er opna opp at, og alt ligg til rette for ein fantastisk dag for fotball i Kvalvikdalen denne dagen. Denne turneringa har av fleire blitt omtalt som «Mine-Eikefjorddagane», og vi håpar på mykje folk, som blir ramma for mykje god aktivitet denne dagen. 

Denne søndagen er det trafikktryggleik som er fokusområde. På NFF Sogn og Fjordane sine heimesider står det følgande:

«Fotballglede og høg aktivitet står alltid i fokus på Kongleriket Miniputt. I tillegg set vi i kvar runde fokus på ulike haldningsskapande tema som vi ønskjer å formidle til miniputtane vår og foreldre/føresette. I denne runden set vi fokus på «Trafikksikre miniputtar» med profilering og tiltak som handlar om korleis vi ferdast trygt i trafikken til og frå trening og kamp.»

Parkering

Det er noko begrensa parkeringsplassar på stadion, så vi oppmodar difor laga i frå vest om å parkere på Nesjane(sjå oversiktsbilete under). Det blir satt opp skilt og det vil vere parkeringsvakter med gul vest både på Nesjane og på stadion.

Kiosk

Det blir mulighet for å kjøpe seg noko godt i kiosken, og det blir utsalg frå to kioskar på stadion. Merk dykk betaling KUN via Vipps! 

Fair Play

Fair Play vil vere i fokus, og vi oppmodar om Fair Play-helsing i etterkant av kampane.

Nedanfor ser du bilete frå førre gong Kongleriket Miniputt-turnering blei arrangert i Eikefjord i 2019. 

Vi i Eikefjord Fotball vil ynskje dykk alle hjarteleg velkommen til Eikefjord Idrettspark på søndag! Køyr varsamt og hugs bilbelte!