Skip to content

Eikefjord G15-17 tek i mot Askvoll/Holmedal til heimekamp søndag

121368967_3625543547490619_2146587254023583205_n

Kommande søndag, 06.06, klokka 14.00 er det endeleg heimekamp for gutelaget vårt igjen. På motsatt banehalvdel står Askvoll/Holmedal 2. 

Gutane skal i år spele 9ar-fotball, og det er Bjarte Liseth som er trenar for laget. 

Laget består av følgande spelarar:

David Tea, Tommy Dalberg-Lillemo, Odd Ivar Olsen Endestad, Erik Liseth, Jonas Hovland, Niklas Bjørnestad Tonheim, Sindre Heimseter, Elias Øren Halvorsen, Edward Holsen Gardner, Torbjørn Løkkebø Redal, Kristoffer-Andreas Endestad, Gisle Fjell Osland og Ola-Mathias Endestad.

Grunna koronarestriksjonar blir det ikkje kiosk, men vi i Eikefjord Fotball håpar du tek med deg familie og/eller venner i idrettsparken på søndag for å heie gutane fram! Vel møtt til kamp på stadion søndag! 

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin