Thomas Hallstensen tatt ut til U20-landslaget!

Det er verkeleg stort av Thomas (19) å passere nålauget i uttak til fotballandslaget for 20-åringar. Tenk at vi har ein eikefjording i denne troppen! 6. september skal han og resten av laget spele mot Tyskland. Spennande blir kampen og spennande blir det å følgje med Thomas på hans idrettsbragder vidare.

At dei unge fotballspelarane her i bygda og elles kan sjå at det lar seg gjere å nå langt er ein god motivator til å trene, det skal vere lov og det er mogeleg å bli ekstra god i EIL.

Masse lykke til vidare, Thomas!

https://www.fotball.no/landslag/norge-menn-20/2021/u20-landslagstropp-til-turnering/

Knalltid på motbakkeløp for Håvard Tonheim

14.august i år vart Noregs lengste og eit av dei mest populære motbakkeløpa arrangert for 8.gong. Her stilte spreke Håvard Tonheim opp og representerte Eikefjord IL. Med ei råsterk løpstid på 1 time og 28 min, berre 15 min etter fyrstemann vart han nummer 27 i mål. Tidlegare i år deltok også Håvard på Ulriken Opp og kom i mål på ein superflott 8.plass, berre 3.38 min bak fyrstemann. Vi gratulerer med flotte resultat!

Dette er verkeleg kjekt og inspirerande, det er heilt klart at motbakkeløp er skapt for Eikefjordingar. Ta utfordringa framover og meld deg på løp som kan passe deg. Sjølv om løpa her i Eikefjord er avlyst for i år så er det mogelegheiter i nærleiken, sjekk ut på nettsida http://terminlista.kondis.no .

Neste år tenkjer vi det er mange som står klare til start på bl.a. Hovlandstøylen Opp. Me gledar oss!

17.mai-konkurranse

Det er veldig kjekt at så mange deltek i trimpoeng for 2021 og det er imponerande kor stor aktivitet det er, – sjå berre korleis det ligg an med dei 10 med høgast poengsum!

Det er på tide med ny trekning på gåvekort frå Sport 1. Innan 16.mai kan dei som har oppnådd minst 25 poeng vere med i trekninga. Vinnaren blir annonsert 17.mai. Prøv gjerne postane som nett er opna til dess, men vi kan ikkje garantere for at det er snøfritt der enno.