Brigt Olav Samdal har kome inn som ny medlem og teke på seg leiarvervet for styret. Han har med seg nestleiar Per-Øyvind Sørbø samt styremedlemmene Steinar Svardal og Lene Engebø som var i styret frå før. Nytt styremedlem er også Linn Therese Lofnes Sæterlid. Lukke til med arbeidet framover!
Trimpoeng 2024
Bli med på årets EIL-Trimpoeng i våre vakre omgjevnader! Bli motivert til å nyte nye og gamle turmål, her er noko for ein kvar smak. Ved hjelp av det interaktive kartet du får opp på mobilen veit du kvar du, stien og posten er til ei kvar tid. Heimesida for EIL-Trimpoeng 2024: https://konkurranse.trimpoeng.no/eikefjord-trimpoeng-2024 og påmeldingsside: https://delta.trimpoeng.no/eikefjord-trimpoeng-2024 . For å komme lett til konkurransen kan ein velje å gå via fana trimpoeng 2024 her på www.eikefjordidrettslag.no. Del vidare med folk her i området og omegn denne kjekke nyheita!
Årsmøte søndag 3.mars kl 17.00 på Allhuset
Vedlagt her ligg saksliste, årsmeldingar, rekneskap, budsjett, informasjon om orienteringssaker og vedtakssaker som skal opp på årsmøte 3. mars 2024 kl. 17.00 for Eikefjord idrettslag på Allhuset. Oppmodar alle om å setje seg inn i sakene før årsmøtet. Budsjett og årsmelding frå ski-gruppa kjem.
Årsmøte i Eikefjord idrettslag vert søndag 3.Mars kl 17.00 – stad: Allhuset
Om du ønskjer å melde sak til årsmøte er fristen 15. februar. Du sender framlegget til mail: per-oyvind.sorbo@nav.no
Endeleg innkalling med saksliste og årsmelding blir klar 18. februar og lagt ut på heimesida.
Til sjølve møtet blir årsmelding ikkje trykt opp, men blir framvist ved gjennomgang på skjerm. Du kan sjølv ha med eige nettbrett/pc. Ynskjer du likevel å få ei utskrift til møtet, ta kontakt med Liv Torsvik Myrvollen, liv.torsvik.myrvollen@gmail.com eller tlf 936 19 154.
Hugs at du må vere medlem for å kunne stemme over sakene. Vel møtt!
Trygt og godt idrettsmiljø for alle i EIL
Få med dykk inspirasjonskveld med Dagfinn og Mona Enerly
I samarbeid med Flora Fotball inviterer hovudsponsoren vår Sparebanken Sogn og Fjordane til ein inspirerande kveld i Flora Samfunnshus:
Snu motgang og negativitet til noko positivt i kvardagen er ei sterk historie om korleis livet som proff fotballspelar fekk ein brå slutt då Dagfinn kolliderte med ein medspelar på bana og brakk nakken.
Ikkje minst handlar historia om verdiar, respekt, framgang, og kvardagsopplevingar som får ny betydning!
Konferansier er Trond Teigene.
Kinosalen, Flora Samfunnshus kl. 18 til ca. kl. 20
Arrangementet er gratis for alle
Avgrensa plassar «Først til mølla» prinsippet gjeld
Påmelding innan onsdag 1. mars
Meld deg på her:
https://www.anpdm.com/…/Registra…/43415D477441415A437140
Spørsmål?
Ta kontakt med Ole Aukland i Sparebanken Sogn og Fjordane;
e-post: ole.aukland@ssf.no
tlf: 932 32 605
Ein stor draum går i oppfylling for Hanne
Hanne Løkkebø Nybø signerte i dag for Lincoln University Missouri (https://www.lincolnu.edu ), der ho dei neste 4 åra skal studere og spele basketball. Ho har fått eit scholarship i basketball. Dette har lenge vore draumen til Hanne, å gå på college i USA og spele basketball. Ho begynte si karriere i Eikefjord basket der blant anna det første jentelaget tok sølv i Hansa cup. Så fortsatte turen til Bergen der ho har spelt for Ulriken Eagles, og gått på Metis videregående skule med toppidrett basket. Ho har vore fast på dei aldersbestemte landslaga sidan ho var 15 år. Så no går turen til USA der eit nytt eventyr starter. Vi ynskjer denne målbevisste unge dama masse lykke til!
Klubbveke på Sport1 Elvetorget
Pangstart for EIL-Turglede
Det var over 60 deltakarar på fyrste turen EIL-Turglede la til rette for i veldig godt samarbeid med frivillige i Kvalvika. Den nyoppstarta gruppa, underlagt idrettslaget, har satt igang prosjektet Turglede i grendene. Glede vart det til gangs! Flott tur sjølv om aprilsnøen hadde lagt seg godt til rette på stien. Prat og hygge, guiding av Harry og hjelpsame hender var nokre av stikkorda for marsjen. At også nysgjerrigheita på kva som har foregått i Eikefjord og Kvalvika i forhistorisk tid vart vekt gjorde turen særs kjekk. Harry har rydda sti fram til gravrøysa til Nesjekongen og merka den som ei rundløype.
Nydeleg område, absolutt verdt fleire besøk i allslags vêr!
Ved gapahuken stod Marianne m.fl for pølser, sveler, kaffi og saft i tillegg til quiz; tusen takk for god tilrettelegging! Neste tur går til jettegryta på Knapstad 24.april. Følg med på facebookgruppa EIL- Turglede: https://www.facebook.com/groups/993329238246238
Trimpoeng 2022 er i anmarsj, gjer deg klar!
Våren er her, og då er det på høg tid med ein ny runde med Trimpoeng! Allereie fredag, 25. mars er det berre å komme seg i turskoa, enten om ein vil konkurrere med naboen, familien, kollegaen eller med seg sjølv. Om ein ikkje er bitt av konkurranseinstinkt gir Trimpoeng-appen motivasjon til å oppsøkje mange flotte turmål. Fram til fredag 24. juni held vi konkurransen i gang. Mange av turmåla frå i fjor er med i år også, og nokre er byta ut med nye. -Håpar mange hiv seg med.
Deltakeravgift i år er 50,- for barn/ungdom til og med 19 år som er medlemmar (100 for ikkje-medlemmar), 100,- for vaksne medlemmar og 200,- for ikkje-medlemmar. Det vil bli premiering.
Du lastar ned appen og registrerer deg som brukar. Informasjon om dette finn du på vår Trimpoengnettside, http://www.trimpoeng.no/i/eikefjord/ . Sida blir oppdatert med oversikt og informasjon om turane innan torsdag 23.03. Innan tysdag 22.03 kan ein kome med turforslag til liv.torsvik.myrvollen@gmail.com, hugs å legge ved telefonnummeret ditt.
Du samler trimpoeng når når du kjem til dei ulike turmåla som har frå 3 til 12 poeng etter kor tilgjengelege dei er. Du registrer deg når du er innanfor radiusen til den elektroniske posten. Den har ei rekkevidde på mellom 5 til 75 meter og du får registrert poeng knytt til posten. Du kan maks registrere deg ein gong per 8 timar per post. For dei sprekaste kan ein legge inn søndagturen slik at du når fleire poster på same tur.