17.mai-konkurranse

Det er veldig kjekt at så mange deltek i trimpoeng for 2021 og det er imponerande kor stor aktivitet det er, – sjå berre korleis det ligg an med dei 10 med høgast poengsum!

Det er på tide med ny trekning på gåvekort frå Sport 1. Innan 16.mai kan dei som har oppnådd minst 25 poeng vere med i trekninga. Vinnaren blir annonsert 17.mai. Prøv gjerne postane som nett er opna til dess, men vi kan ikkje garantere for at det er snøfritt der enno.

Ny runde med Trimpoeng!

Utsikt mot vest

Eikefjord idrettslag har den glede å meddele at vi startar opp igjen med Trimpoeng, fjorårets suksess og snakkis. Allereie fyrstkomande fredag, 26. mars er det berre å komme seg i turskoa, enten om ein vil konkurrere med naboen, familien, kollegaen eller med seg sjølv. Om ein ikkje er bitt av konkurranseinstinkt gir Trimpoeng-appen motivasjon til å oppsøkje mange flotte turmål. Fram til 26. juni held vi konkurransen i gang. Mange av turmåla frå i fjor er med i år også, og nokre er byta ut med nye. -Det er kjekt å kunne tilby koronasikker aktivitet i og håpar mange hiv seg med. 

Deltakeravgift i år er 50,- for barn/ungdom under 18 år som er medlemmar, 100,- for vaksne medlemmar og 200,- for ikkje-medlemmar. Det vil bli premiering.   

Du lastar ned appen og registrerer deg som brukar. Informasjon om dette finn du på vår Trimpoengnettsidehttp://www.trimpoeng.no/i/eikefjord/ . Sida blir oppdatert med oversikt og informasjon om turane innan torsdag 25.03. 

Du samler trimpoeng når når du kjem til dei ulike turmåla som har frå 3 til 12 poeng etter kor tilgjengelege dei er. Du registrer deg når du er innanfor radiusen til den elektroniske posten. Den har ei rekkevidde på mellom 5 til 75 meter og du får registrert poeng knytt til posten. Du kan maks registrere deg ein gong per 8 timar per post. For dei sprekaste kan ein legge inn søndagturen slik at du når fleire poster på same tur.

Appen er klar -er du?

Eikefjord idrettslag startar måndag 6. april opp prøveprosjekt Trimpoeng.  Vi har lagt inn 50 ulike turmål kor det er mogleg å samle Trimpoeng. Vi har lagt inn turar i heile Eikefjord opp til Ramsdalsheia, vi har og utvida området heilt ut til Stavøya og Stavang. Vi håpar Trimpoeng-appen bidreg til å finne nye spennande turmål for alle. Det er ikkje avgrensing på kor mange poeng du kan samle, men for å vere med i trekning av premiar må  du ha eit minimum av poeng. Konkurransen varer ut juli, så du har god tid på å samle poeng!

Du lastar ned appen og registrerer deg som brukar. Informasjon om dette finn du på vår Trimpoengnettside . Her finn du relevant informasjon og du finn oversikt over alle turane så du kan starte her for å planlegge turane.

Du  samler trimpoeng når når du kjem til dei ulike turmåla. Dei ulike turmåla har frå 3 til 12 poeng, alle støylane våre gir 6 poeng kvar. Dei elektroniske postene har ulik poeng etter kor tilgjengelege dei er. Du registrer deg ved når du er innanfor radiusen til den elektroniske posten. Den har en rekkevidde på mellom 5 til 75 meter og du får registrert poeng knytt til posten. Du kan maks registrere deg ein gong per 8 timar per post. For dei sprekaste kan du legge inn søndagturen slik at du når fleire poster på same tur.

Nokre fikk prøve appen i helga. Den var ikkje heilt klar og ikkje alle turane var på plass. Vi startar med poengsamlinga måndag 6, alle poenga opptjent i helga er strokne.