Open hall

Søndag 27. mars vert det endeleg open hall i fleirbrukshallen igjen.

Alle som kan krype og gå (eller rulle om du må) er velkomne til dette gratis arrangementet.

Aktiviten bestemmer du sjølv. Det blir kiosksalg.

Ta søndagsturen – ope mellom 10.00-13.00.

Dokument til årsmøte i Eikefjord idrettslag 27/2-22


Som tidlegare meldt blir det årsmøte søndag 27.februar. I år går vi for fysisk møte på Allhuset kl 17.00. Vel møtt!

Ver merksam på at ein må vere medlem av idrettslaget for 2021, dvs betalt kontigent, for å kunne stemme på vedtakssakene.

Det er ikkje kome inn saker, vedlagt er sakslista for møtet.

Ei av orienteringssakene er ny lovnorm for idrettslag, deriblant også for EIL som her er vedlagt.

Under finn ein årsmeldingar for gruppene. Årsoppgjeret og årsmeldinga for fotballen vart for store å laste opp, og er derfor delt opp/konvertert og ser noko annleis ut enn orginalen som blir gjennomgått på årsmøtet.

Vedtakssaker som kontigent og «Allidrett» som er nytt frå hausten 2022 finn ein meir info i dokumenta det gjeld under.

Nasjonale retningslinjer for idretten

Pr 14.01.2022

  • Fritidsaktiviteter bør gjennomføres utendørs så langt det er mulig.

Barn og unge under 20 år:

  • Utendørs aktiviteter kan gjennomføres som normalt
  • Anbefalt gruppestørrelse innendørs omtrent 20 personer eller etter klasse/kohort
  • Aktivitet innendørs kan gjennomføres med kontakt der det er nødvendig

Voksne over 20 år:

  • Innendørs er det anbefalt maks 20 personer og 1 meters avstand. Ved intensiv trening bør det tilrettelegges for 2 meters avstand
  • Voksne kan utøve aktivitet utendørs som normalt, med kontakt der det er nødvendig
  • Toppidrett kan gjennomføres som normalt med smitteverntiltak.

For laget, for bygda og for deg sjølv

Vi ynskjer i frivillighetsåret 2022 å gje medlemmane i EIL eit forrykande aktivitetsår med berre oppturar. Det treng vi alle, store som små! Vi ser fram til eit spennande år med mykje engasjement og vonlegvis snart null koronarestriksjonar. Derfor vil vi sette stor pris på om ditt engasjement for aktivitet i bygda kan nyttast på ein eller annan måte i organisasjonen. Ta kontakt på chatten her, send oss ein epost eller ta kontakt med leiar/styremedlemmar i dei ulike gruppene eller oss i hovudstyret og meld ditt engasjement. Truleg vil det bli fleire aktivitetsgrupper i idrettslaget så det vil bli noko for ein kvar smak.

Årsmøte Eikefjord idrettslag

Årsmøte i Eikefjord idrettslag

Årsmøte i Eikefjord idrettslag vert søndag 27. februar.

Om du ønskjer å melde sak til årsmøte er fristen 10. februar. Du sender framlegget til vår epostadresse post@eikefjordidrettslag.no eller tek kontakt med eit styremedlem https://eikefjordidrettslag.no/hovedstyret/

Endeleg innkalling med saksliste blir klar 13. februar. Pga. eventuelle Covid-19 restriksjonar er det mogeleg årsmøtet må gjennomførast via teams, slik som i fjor, dette kjem vi tilbake til.

Hugs at du må vere medlem for å kunne stemme over sakene.

EIL opnar igjen for aktivitet i hallen frå og med 03.01.22.

Etter ei kort nedstenging av hallflatene i romjula, tar vi sjansen på å opne igjen for aktivitet.

FHI meiner det er godt mogeleg smitten kan ta seg endå meir opp, så vi viser elles til nasjonale råd og reglar for idretts- og fritidsaktivitetar utover god hygiene:

Idretts- og fritidsaktivitetar bør gjennomføres utendørs så langt det er mulig for alle aldergrupper. Barn og unge under 20 år:

Barn til og med ungdomsskole: Utendørs anbefales gruppestørrelse etter nivå i trafikklysmodellen i skolen. Innendørs anbefales gruppestørrelse på maks 20 personer eller etter klasse/kohort.

For barn/unge som er ferdig med ungdomsskolen anbefales gruppestørrelse på maks 20 personer, og i tillegg bør denne aldersgruppen holde meteren også ved gjennomføring av fritidsaktiviteter. 

Egne anbefalinger for idrettsarrangementer for barn og unge utendørs, se regjeringen.no/arrangementer. 

Voksne over 20 år:

Innendørs: Anbefales utsatt/avlyst.

Utendørs: Anbefalt maks 20 personer og 1m avstand.

.

POLITIATTEST

Alle, over 15 år, som skal utføre ein jobb i Eikefjord idrettslag med direkte kontakt med barn under 18 år eller menneske med utviklingshemming, skal ha politiattest.

-Det gjeld deg som har nærkontakt over tid med ungar i idrettslaget, som trenarar

-Det gjeld også foreldre som er med på tur med idretten over fleire dagar.

-evt. andre etter vurdering

Styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) vedtok med verknad frå 01.01.2009 at heile norsk idrett skal krevje politiattest for alle som skal utføre oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.

Personar som ikkje har vist fram politiattest utan merknad, kan ikkje settast til oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.

Alle tilsette og frivillige som skal utføre oppgåver for idrettslaget som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming skal skaffe politiattest.

Dette skal gjerast i samråd med Liv Torsvik Myrvollen, liv.torsvik.myrvollen@gmail.com  / 936 19 254.

Representanten har teieplikt ovanfor uvedkommande i forhold til dei opplysningar dei får kjennskap til.

INNHENTING PÅ 1-2-3:

  1. Søknaden om politiattest fyllast ut av den søknaden gjeld for (info og søknadsskjema finn ein her), og sendast politiet saman med stadfesting frå idrettslaget. Denne får ein av ansvarleg for politiattest, (namn på styreoppnemnt ansvarleg for ordninga i idrettslaget)
  2. Politiet sender attesten som ordinær post til den søknaden gjeld for. Den blir ikkje sendt til idrettslaget.
  3. Den søknaden gjeld for, skal vise fram politiattesten sin til Liv Torsvik Myrvollen. Idrettslag skal ikkje lagre attesten, men berre få den vist fram til gjennomsyn.

Betalingsinformasjon om kontigent i EIL

I dag skal du ha fått epost om betalingsinformasjon for deg og evt. familiemedlemmar

Årsmøte i Eikefjord idrettslag vedtok på årsmøte 2021 nye kontigentsatsar for medlemskap. Det vart og innført ein familiekontigent. Satsane er som følger:
– Ordinær medlem 18 år og eldre kr. 200,- per år
– Barn og ungdom under 18 år kr. 100,- per år
– Familiemedlemskap, for føresette og barn under 18 år kr 400,- per år

Når ein har betalt denne kontigenten kan ein delta på ETS, fotball, basket, ski-treningar, handball. Spelar-/treningskontigent i desse ulike greinene kjem utanom.

Hugs at er du medlem får du bl.a rabatter når du handler på Sport1 i Førde.

Vi tilrår å laste ned appen «Min idrett» på mobil når du har registrert deg som brukar.

Send oss ein mail på  post@eikefjordidrettslag.no  om du har spørsmål.

Flott artikkel om Andrine Olsen Endestad

Eikefjordingen Andrine (18) gjer det stort som det fotballtalentet ho er. Les artikkelen i Firdaposten om hennar fotballkvardag i Molde. Der får ho eit godt tilrettelagt opplegg som idrettsutøvar og skuleelev. Veldig kjekt at klubbar også satsar på damene! https://www.firdaposten.no/andrine-18-lever-draumen-i-molde-og-scora-vinnarmalet-sist-helg-det-var-stort-forste-gongen-eg-kom-inn-pa-stadion/s/5-16-528883?fbclid=IwAR1QELGliyAS6ydUj7RLugKkzZy7PR0Dm-eau042_Pzf6UtbsAoB2f77Hxk