Skip to content

Ein stor draum går i oppfylling for Hanne

Hanne signerar og reiser til USA

Hanne Løkkebø Nybø signerte i dag for Lincoln University Missouri (https://www.lincolnu.edu ), der ho dei neste 4 åra skal studere og spele basketball. Ho har fått eit scholarship i basketball. Dette har lenge vore draumen til Hanne, å gå på college i USA og spele basketball. Ho begynte si karriere i Eikefjord basket der blant anna det første jentelaget tok sølv i Hansa cup. Så fortsatte turen til Bergen der ho har spelt for Ulriken Eagles, og gått på Metis videregående skule med toppidrett basket. Ho har vore fast på dei aldersbestemte landslaga sidan ho var 15 år. Så no går turen til USA der eit nytt eventyr starter. Vi ynskjer denne målbevisste unge dama masse lykke til!