Skip to content

Trygt og godt idrettsmiljø for alle i EIL

Mitt varsel-heimesida

Varsling om kritikkverdige forhold i EIL

 

Dersom du har kjennskap til kritikkverdige forhold i EIL, så oppfordrar vi deg til å varsle om dette, enten til nokon i organisasjonen eller gjennom vår digitale portal på MittVarsel.no. Varslingsprosedyren skal bidra til å avdekke eventuelle kritikkverdige forhold hos oss slik at vi kan gjere noko med saka og hindre at det skjer på nytt.

 

Det ein meiner med kritikkverdige forhold er:

  • Brot på lovar og reglar
  • Brot på organisasjonen sine etiske retningslinjer
  • Brot på etiske normer med brei tilslutning i samfunnet

Døme på kritikkverdige forhold kan vere mobbing, diskriminering, seksuell trakassering, rusmiddelbruk og forhold som fører til fare for liv og helse. Vi oppmodar om å ha låg terskel for å seie ifrå. Vi tar i bruk rådgjevarar i idrettsforbundet ved behov i behandling av saker.

 

Kjenner du til kritikkverdige forhold som du bør varsle om?

 

Eikefjord idrettslag oppfordrar deg til å ta opp saka enten skriftleg eller munnleg med ein du er tilknytta til i idrettslaget. Varselet ditt bør innehalde ei sakleg, objektiv og konkret framstilling av det påståtte kritikkverdige forholdet.

Du kan også melde frå gjennom vår digitale portal på MittVarsel.no:

  • Her kan du velgje å varsle anonymt eller med namn.
  • Dersom du varslar anonymt er det viktig å ta vare på kvittering med brukarnamn og passord slik at du kan logge deg på for å kommunisere med saksbehandlar.
  • Saka vil deretter bli behandla av Mitt varsel administrator Liv Torsvik Myrvollen, og saksbehandlarar Cathrin Iren Barstad og/eller Kari Mydland så raskt som mogleg. Inhabilitet blir sjølvsagt vurdert.
  • Som varslar vil du få ei tilbakemelding innan 3 dagar om at varsel er mottatt og under behandling.

Har du spørsmål om varslingsrutinen kan du gjerne kontakte Liv Torsvik Myrvollen på 93619254

 

Scann denne QR-koden og send inn varsel til Mitt-varsel-portalen for Eikefjord idrettslag