Skip to content

Eikefjord Fotball arrangerer futsalturnering i fleirbrukshallen kommande søndag

Skjermbilde 2023-02-09 kl. 16.20.44

Søndag 05.11 arrangerer Eikefjord Fotball futsalturnering i aldersgruppa 10-14 år.  Fleirbrukshallen ved skulen.
Kampoppsettet finn de i Profixio, men det vil også henge i hallen.

Parkering

Når det gjeld parkering er det bra med parkering på skulen sin parkering denne dagen. 

Registrering

Når de ankommer hallen er det viktig at kvart lag registrerer sin ankomst i sekreteriatet. 

Garderober

Det er fire garderober i hallen, to jente- og to gutegarderober, noko som betyr at fleire lag må dele garderobe. På dørene inn til garderobane heng det liste med kva lag som høyrer til kvar garderobe. 

Kiosk
Kiosken er open denne dagen med sal av kaffi, vafler, pølse og brød m.m. Betaling skjer med vipps. Kiosken finn de midt på tribuna og i amfiet til skulen. 

Info om kampane: 

Kampane varer i 9 minutt og det er 1 minutt mellom kampane, noko som betyr at lag må raskt av og på bana. Sekreteriatet startar og avsluttar kampane presist, noko som betyr at klokka startar sjølv om eit lag ikkje er klar på bana. Elles gjeld vanlege futsalreglar. 

Eikefjord Fotball har fokus på Fair Play, men på grunn av kort tid mellom kvar kamp blir det ikkje Fair Play-helsing før og etter kamp. Vi oppmodar likevel alle involverte denne dagen til å vise respekt til dommarar, med- og motspelarar, trenarar og andre i hallen denne dagen. 

Eikefjord Fotball vil ynskje alle lag med spelarar, trenarar og foreldre velkommen til Eikefjord Fleirbrukshall.