Skip to content

Første pokal til Eikefjord handball

IMG_0408

Første helga i haustferien deltok G13 på VestkystCup i Florø.
Alle møtte klare og spente til første kamp fredag, denne kampen var mot Florø G14, eit lag som guttane ser opp til, så enkelte var nok litt ekstra spente. Guttane spilte ein veldig god kamp, men motstanderen blei for sterk og kampen ente med tap. Stemninga var likevel god, og guttane var klare for nye kamper lørdag.
Lørdag blei ein travel dag med 3 kamper a 25 minutter kvar, mot 3 ulike G13 lag, denne dagen uten innbyttere. Guttane leverte veldig god handball, og det resulterte med 3 seiere. Etter kampslutt lørdag visste tabellen 6 poeng og 3. plass.
Søndagsmorgen var det siste kamp i gruppespillet mot AHIL G14. I denne kampen klarte ikkje guttane å finne rom for sitt gode angrepsspill, og kampen ente med tap. No lå spenningen på kva lag vi kom til å møte i B-Finale. Det stod mellom Florø G13 eller Sotra G13.
Til finalen mot Sotra stilte eit tent lag med eit veldig stort ønske om å vinne. Det blei ein veldig intens og spennende kamp. I løpet av kampen fekk guttane visst frem mykje godt spel, og klarte til slutt å vinne kampen med 2 mål. Når resultatet var eit faktum var det ekstra kjekt for laget at Marco hadde sett deler av kampen digitalt. Gjennom heile helga har laget blitt heia frem av ein heil tribune. Dette er noe som både guttane og trenere setter veldig stor pris på. TUSEN TAKK ❤️.
GRATULERER Eikefjord G13 med ein VEL gjennomført CUP, og ein VELFORTJENT POKAL🏆 🤾‍♂️. Vi trenerer gleder oss STORT til fortsettelsen 🤩.