Skip to content

Fantastisk innsats av J13 og J15 på KM Futsal no i helga

332378692_1239848276628621_5824916838467151535_n

No i helga var det klart for KM Futsal i Trivselshagen på Sandane. Etter kvalifiseringa tidlegare i år stilte Eikefjord med både eit J13- og J15-lag i den fine hallen på Sandane. 

Begge jentelaga våre gjorde ein god innsats på laurdag. J13 som var i sitt første KM, kom heilt til semifinalen, etter å ha slått Førde 1 i kvartfinalen. Her blei det tap mot Jotun som seinare vann finalen. I bronsefinalen blei det tap mot Måløy. Men uansett ein god prestasjon å bli blant dei fire beste i KM. 



J15 reiste til Sandane med fire spelarar, så utgangspunktet kunne vore betre. Men jentene imponerte med å spele seg heilt til semifinale. Der blei det tap mot Førde 1, som seinare vann KM. I bronsefinalen låg dei under 1-0, men snudde det til 3-1-seier. Ein imponerande prestasjon, særleg med tanke på at to av jentene vart henta frå J13, og difor måtte spele dobbelt opp med kampar. Ein flott prestasjon av begge lag!