Årets Fair Play-spelar er kanskje den gjevaste og viktigaste prisen du kan vinne som spelar i ungdomsfotballen i Eikefjord Fotball. Kvart år stemmer spelarane sjølv fram den dei meiner fortener prisen. I tillegg blir kvar enkelt spelar utfordra på å grunngi kvifor akkurat denne personen bør motta denne prisen.
Hedda Kristin mottok prisen i klassen J13/14
Hedda Kristin Austreim som spelar på J13/14 mottok årets Fair Play pris med følgande grunngjeving:
Hedda Kristin møter alltid på trening og kamp. Ho viser respekt for dommar, trenar og motspelarar. Ho snakkar andre fram og taper og vinn med samme sinn. I tillegg er ho flink å motivere spelarane på laget, til og med dei gongane laget tapar. Ho er ærlig og snill både med dommarar og spelarar. Ho er også presis på treningar og kampar. Hedda Kristin oppmuntrar oss dei gongane vi treng det.
Steffen mottok prisen i klassen G13/14
Steffen Steindal Sandvik som spelar på G13/14 mottok årets Fair Play- pris med følgande grunngjeving:
Steffen snakkar fint til og om andre, og er alltid smilande og positiv. Han gir medspelarane sine skryt, og er positiv til motspelarar og dommarar i kamp. Han viser respekt for medspelarane sine og er aldri med på å dårleg oppførsel. Han bidreg til at alle skal ha det gøy med fotball.
Eikefjord Fotball gratulerer så mykje til vinnarane!