Skip to content

For laget, for bygda og for deg sjølv

tommel opp EIL

Vi ynskjer i frivillighetsåret 2022 å gje medlemmane i EIL eit forrykande aktivitetsår med berre oppturar. Det treng vi alle, store som små! Vi ser fram til eit spennande år med mykje engasjement og vonlegvis snart null koronarestriksjonar. Derfor vil vi sette stor pris på om ditt engasjement for aktivitet i bygda kan nyttast på ein eller annan måte i organisasjonen. Ta kontakt på chatten her, send oss ein epost eller ta kontakt med leiar/styremedlemmar i dei ulike gruppene eller oss i hovudstyret og meld ditt engasjement. Truleg vil det bli fleire aktivitetsgrupper i idrettslaget så det vil bli noko for ein kvar smak.