I dag skal du ha fått epost om betalingsinformasjon for deg og evt. familiemedlemmar
Årsmøte i Eikefjord idrettslag vedtok på årsmøte 2021 nye kontigentsatsar for medlemskap. Det vart og innført ein familiekontigent. Satsane er som følger:
– Ordinær medlem 18 år og eldre kr. 200,- per år
– Barn og ungdom under 18 år kr. 100,- per år
– Familiemedlemskap, for føresette og barn under 18 år kr 400,- per år
Når ein har betalt denne kontigenten kan ein delta på ETS, fotball, basket, ski-treningar, handball. Spelar-/treningskontigent i desse ulike greinene kjem utanom.
Hugs at er du medlem får du bl.a rabatter når du handler på Sport1 i Førde.
Vi tilrår å laste ned appen «Min idrett» på mobil når du har registrert deg som brukar.
Send oss ein mail på post@eikefjordidrettslag.no om du har spørsmål.