Skip to content
90933426_1096914724025356_8496197454750810112_n

Dette var synet som møtte a-lagstrenar Torbjørn Endestad på Eikefjord Stadion i ettermiddag. Buret der a-laget oppbevarar ballane sine mellom øktene, har vorte brote opp. Kroken ein har festa kodelåsen i kan ein sjå på biletet er klipt av. Eit ballnett med 8-10 ballar er vekke


Styret i Eikefjord Fotball har tatt inn alle nøklar, slik at ein ikkje kjem seg inn i garderobeanlegg/ballrom no i desse smittetider. 

Eikefjord Fotball ser på dette som svært alvorleg, og oppmodar den som har utført hærverket og stjåle ballane levere dei tilbake. Om vedkommande ikkje melder seg, vil Eikefjord Fotball anmelde forholda til politiet.