Allidrett på nye stiar.

Roar, Johannes, Hille, Ylva og Lise syns det var kjekt med skyting.

Allidrettsgruppa 6-9 år var denne veka på skyting på Grovastøylen. Vi blei møtt av leiar i Florø Skytterlag, Reidun Kristine Knapstad. Ho hadde først litt teori der sikkerheit var i høgsetet. Ungane ivrar etter å komme igong med skyting og Oddvar Endestad, leiar i Eikefjord skytterlag og Geir Agledal tok vel imot oss på standplass. Her blei det først litt trening på å sjå gjennom sikte, finne blinken og trykke av. Så var det tid for å sette skot i magasinet å fyre laust. Resultatet var synleg på skjermane ved kvar skytter. Det var stor stas å sjå at ein skaut blink. Ungane viste stor glede over denne noko uvande sporten og gler seg til neste onsdag. Om fleire vil vere med er det berre å melde seg, enten via allidretten si opne facebook gruppe eller til Julie på tlf 41236951. Einaste kravet er at kvert barn har med seg ein vaksen til å hjelpe.