Ny runde med Trimpoeng!

Utsikt mot vest

Eikefjord idrettslag har den glede å meddele at vi startar opp igjen med Trimpoeng, fjorårets suksess og snakkis. Allereie fyrstkomande fredag, 26. mars er det berre å komme seg i turskoa, enten om ein vil konkurrere med naboen, familien, kollegaen eller med seg sjølv. Om ein ikkje er bitt av konkurranseinstinkt gir Trimpoeng-appen motivasjon til å oppsøkje mange flotte turmål. Fram til 26. juni held vi konkurransen i gang. Mange av turmåla frå i fjor er med i år også, og nokre er byta ut med nye. -Det er kjekt å kunne tilby koronasikker aktivitet i og håpar mange hiv seg med. 

Deltakeravgift i år er 50,- for barn/ungdom under 18 år som er medlemmar, 100,- for vaksne medlemmar og 200,- for ikkje-medlemmar. Det vil bli premiering.   

Du lastar ned appen og registrerer deg som brukar. Informasjon om dette finn du på vår Trimpoengnettsidehttp://www.trimpoeng.no/i/eikefjord/ . Sida blir oppdatert med oversikt og informasjon om turane innan torsdag 25.03. 

Du samler trimpoeng når når du kjem til dei ulike turmåla som har frå 3 til 12 poeng etter kor tilgjengelege dei er. Du registrer deg når du er innanfor radiusen til den elektroniske posten. Den har ei rekkevidde på mellom 5 til 75 meter og du får registrert poeng knytt til posten. Du kan maks registrere deg ein gong per 8 timar per post. For dei sprekaste kan ein legge inn søndagturen slik at du når fleire poster på same tur.