Fantastisk innsats av J13 og J15 på KM Futsal no i helga

No i helga var det klart for KM Futsal i Trivselshagen på Sandane. Etter kvalifiseringa tidlegare i år stilte Eikefjord med både eit J13- og J15-lag i den fine hallen på Sandane. 

Begge jentelaga våre gjorde ein god innsats på laurdag. J13 som var i sitt første KM, kom heilt til semifinalen, etter å ha slått Førde 1 i kvartfinalen. Her blei det tap mot Jotun som seinare vann finalen. I bronsefinalen blei det tap mot Måløy. Men uansett ein god prestasjon å bli blant dei fire beste i KM. 



J15 reiste til Sandane med fire spelarar, så utgangspunktet kunne vore betre. Men jentene imponerte med å spele seg heilt til semifinale. Der blei det tap mot Førde 1, som seinare vann KM. I bronsefinalen låg dei under 1-0, men snudde det til 3-1-seier. Ein imponerande prestasjon, særleg med tanke på at to av jentene vart henta frå J13, og difor måtte spele dobbelt opp med kampar. Ein flott prestasjon av begge lag!

Eikefjord Fotball arrangerte kvalifisering til KM Futsal for aldersbestemt førre helg

Eikefjord Fotball fekk i helga som var ansvar for å arrangere kvalifisering til KM Futsal for aldersbestemt. Det blei spelt kampa både laurdag og sundag denne helga. 

Lag i aldersklassane J14, J16, G13, G14, G15 og G16 deltok i fleirbrukshallen denne helga. Dei beste laga i kvar pulje gjekk vidare til sluttspelet som blir arrangert på Sandane 4.-5.mars.

Eikefjord Fotball vil takke spelarar, dommarar, publikum og alle frivillige for at arrangementet blei gjennomført så knirkefritt som det blei. 

Her er nokre bilete frå helga

Torbjørn Løkkebø fortsetter som a-lagstrenar

Torbjørn Løkkebø fortsetter som a-lagstrenar etter fjorårets opprykk til 5. divisjon. Løkkebø sin kontrakt gjekk ut etter forrige sesong, men har no takka ja til å trene laget også i årets sesong. 

Eikefjord skal som kjent spele 5. divisjon i 2023, noko som betyr søndagskampar. Dette blir første gongen sidan 2016 at a-laget er på dette nivået, etter fleire sesongar i 6. divisjon. Når ein no tek steget opp ein divisjon, blir det også lagt opp til ei økt ekstra i veka i tillegg til kamp. 

Planane for oppkøyringa

Løkkebø har allereie lagt planane for pre-season, som inneberer to økter i veka, og ei rekkje treningskampar fram mot Eikefjord Cup. 

A-laget skal framover trene tysdagar og torsdagar frå 19.00-20.30. 

Eikefjord Fotball arrangerer futsalturnering søndag 15.01

Eikefjord Fotball skal søndag 15. januar arrangere futsalturnering i aldersgruppa 10-14 år. Turneringa blir gjennomført i Fleirbrukshallen v/Eikefjord Barne- og ungdomsskule.
Første kamp går klokka 0900, og så er det aktivitet fram til 19.00. Kampoppsettet finn de i Profixio, men det vil også henge utskrift av kampoppsettet i hallen. 

Parkering
Når det gjeld parkering er det bra med parkering på skulen sin parkering denne dagen. 

Registrering

Når de ankommer hallen er det viktig at kvart lag registrerer sin ankomst i sekreteriatet. 

Garderober

Det er fire garderober i hallen, to jente- og to gutegarderober, noko som betyr at fleire lag må dele garderobe. På dørene inn til garderobane heng det liste med kva lag som høyrer til kvar garderobe. 

Kiosk
Kiosken er open denne dagen med sal av kaffi, vafler, pølse og brød m.m. Betaling skjer med vipps. Kiosken finn de midt på tribuna. 

Info om kampane: 

Kampane varer i 9 minutt og det er 1 minutt mellom kampane, noko som betyr at lag må raskt av og på bana. Sekreteriatet startar og avsluttar kampane presist, noko som betyr at klokka startar sjølv om eit lag ikkje er klar på bana. Elles gjeld vanlege futsalreglar. 

Eikefjord Fotball har fokus på Fair Play, men på grunn av kort tid mellom kvar kamp blir det ikkje Fair Play-helsing før og etter kamp. Vi oppmodar likevel alle involverte denne dagen til å vise respekt til dommarar, med- og motspelarar, trenarar og andre i hallen denne dagen. 

Eikefjord Fotball vil ynskje alle lag med spelarar, trenarar og foreldre velkommen til Eikefjord Fleirbrukshall.

Aldersbestemt årsfest Eikefjord Fotball

Eikefjord Fotball arrangerer årsfest for dei aldersbestemte laga søndag 06. november.
 
I den anledning vil vi ynskje velkommen til spelarar, foreldre, søsken og andre inviterte til ein hyggeleg søndags ettermiddag!
Festen startar 16.00 og varer til 18.00.
Vel møtt!

Seriefinale i Hafstadparken tysdag

Tysdag klokka 19.30 er det klart for den avgjerande seriefinalen i 6.divisjon avd. 3, mellom Anga og Eikefjord. Etter 14 spelte kampar er Eikefjord øverst på tabellen med 30 poeng, medan Anga og Tambarskjelvar ligg like bak med 28 poeng. Tambarskjelvar reiser til Skeihallen for å møte Jølster 2 i siste serierunde. Vinnaren av avdelinga går vidare til play-off om kretsmestertittelen i 6. divisjon.

Eikefjord har vore i storform og står med seks strage sigrar og har på desse kampane ein målforskjell på 29-7.

Møt opp i Hafstadparken og støtt eikefjordingane i sesongens viktigaste kamp!

Slik ser tabellen ut før siste serierunde:

Uttak til sonesamling for Gutar og jenter 2010

For jenter 2010 var det 5 jenter som blei tatt ut til storsonesamling. Dette var Fride Ellingsund Øyra, Rikke Fraas Øren, Liv Schaarsmidt, Malene Sandvik og Herborg Titlestad. Vidare blei Rikke, Liv, Fride og Malene tatt ut til sonetrening. 

Rikke og Liv blei tatt ut til å representere Sunnfjord i soneturnering mot Nordfjord og Sogn i Førde 4. juni.

 

For Gutar 2010 var det William Kjellevold frå Eikefjord som blei tatt ut til sonetrening, men blei diverre ikkje tatt med på soneturnering til helga. 

Dette skjer på Eikefjord Idrettspark veke 21

Måndag 23.05

18.00: Eikefjord – Tambarskjelvar G10

19.00: Eikefjord – Eid 2 G15

Tysdag 24.05

19.00: Eikefjord – Jølster 2 (a-lag)

Torsdag 26.05:

18.00: Eikefjord – Dale 1 J12

 

Kiosken er open! Vel møtt!

Kongleriket vart ein kjempesuksess

Søndag som var arrangerte Eikefjord Fotball Kongleriket Miniputturnering på det nye kunstgrasdekket i Kvalvika. 84 lag var påmeldt og rundt 400 unge fotballspelarar var i aksjon denne søndagen. 

Styret i Eikefjord Fotball vil takke alle spelarar, dommarar, foreldre og dei frivillige for ei fantastisk gjennomføring av arrangementet!