Ny runde med Trimpoeng!

Utsikt mot vest

Eikefjord idrettslag har den glede å meddele at vi startar opp igjen med Trimpoeng, fjorårets suksess og snakkis. Allereie fyrstkomande fredag, 26. mars er det berre å komme seg i turskoa, enten om ein vil konkurrere med naboen, familien, kollegaen eller med seg sjølv. Om ein ikkje er bitt av konkurranseinstinkt gir Trimpoeng-appen motivasjon til å oppsøkje mange flotte turmål. Fram til 26. juni held vi konkurransen i gang. Mange av turmåla frå i fjor er med i år også, og nokre er byta ut med nye. -Det er kjekt å kunne tilby koronasikker aktivitet i og håpar mange hiv seg med. 

Deltakeravgift i år er 50,- for barn/ungdom under 18 år som er medlemmar, 100,- for vaksne medlemmar og 200,- for ikkje-medlemmar. Det vil bli premiering.   

Du lastar ned appen og registrerer deg som brukar. Informasjon om dette finn du på vår Trimpoengnettsidehttp://www.trimpoeng.no/i/eikefjord/ . Sida blir oppdatert med oversikt og informasjon om turane innan torsdag 25.03. 

Du samler trimpoeng når når du kjem til dei ulike turmåla som har frå 3 til 12 poeng etter kor tilgjengelege dei er. Du registrer deg når du er innanfor radiusen til den elektroniske posten. Den har ei rekkevidde på mellom 5 til 75 meter og du får registrert poeng knytt til posten. Du kan maks registrere deg ein gong per 8 timar per post. For dei sprekaste kan ein legge inn søndagturen slik at du når fleire poster på same tur.

Årsmøte -sakspapir med vedlegg

Det vert årsmøte for Eikefjord idrettslag 28. februar som tidlegare meld. På grunn av avgrensing i tal personar som kan møtast vert årsmøtet digitalt. Påmelding til post@eikefjordidrettslag.no innan fredag kl 21.

For å stemme på årsmøtet må du vere medlem av idrettslaget og ha betalt kontingent for 2020.

Årsmøte Eikefjord idrettslag

Årsmøte i Eikefjord idrettslag

Årsmøte i Eikefjord idrettslag vert vert søndag 28. februar.

Om du ønskjer å melde sak til årsmøte er fristen ein månad før, 28. januar. Du sender framlegget til vår epostadresse eller tek kontakt med eit styremedlem

Endeleg innkalling med saksliste, stad og evt. organisering vert klare i rimeleg tid før årsmøte. Coveid-19 restriksjonar kan gje oss utfordringer med omsyn til korleis vi kan organisere og gjennomføre årsmøte.

Stengt hall!

-men framleis mogleg å trene på ETS. Eikefjord treningssenter er open for trening med begrensing på maksimalt 5 personar i lokalet om gangen.

Kinn kommune har vedteke å stenge idrettshallane og Havhesten i ly av nye retningslinjer frå av regjeringa 3. januar. Desse retningslinjene er gjeldande frå og med i dag og fram til 1|8. januar. For oss i Eikefjord idrettslag vil det sei at vi kansellerer alle organiserte treningar som er planlagt i hallen.

Eikefjord idrettslag vonar alle medlemmer og sambygdingar ellers vil halde seg friske gjennom denne perioden. Følg FHI sine tilrådingar, hald dykk i aktivitet, og velkomen attende når vi kan møtast til trening att!

Vi minner om at det er mogleg å ta seg ein tur i Sørmarka eller prøve skia på Humlestøylen. Frå skigrupppa rapporteres at det ikkje er mykje snø, men nok til å komme forsiktig i gang med årets skisesong.

Dugnad på turstien i Sørmarka

Det er klart for stordugnad fredag og lørdag for å få bli ferdig med turstien i Sørmarka.

Følgande tider er gjeldande for å få ut grusen:

  • Fredag 1. mai frå kl 16.00 til 19.00
  • Lørdag 2. mai frå kl 09.00 til 13.00

Oppmøte vert ved båthavna, so organiserer vi oss ut derifrå.

Vi treng at nokon av oss tek med trillebår, spade, grapse og jernrive. Om nokon har kraftige bøtter – ta dei med om du har!

Vi skal arbeide ut frå fire plassar og arbeidet består av utkjøring av grus, fordele grusen på stien og rake den på plass.

Sjå på dette som trening!!! Er vi mange blir det moro – vert det få så blir det meir trening !!

Helsing frå dugnadsansvarleg

Per- Øyvind Sørbø


Trimpoengappen er ein suksess

Utsikt frå Fløgjen
Utsikt frå Fløgjen

No har Trimpoeng vore i drift i nesten ei veke og vi gleder oss over å sjå at det er ein suksess! Vi visste at folk her i området var flinke til å gå på tur, og med denne appen får ein verkeleg beviset for det.  Vi har allereie passert 1200 innsjekkingar! Posten med flest besøk er – ikkje overraskande – Hovlandsstøylen som har meir enn 200 innsjekkingar. Dei fleste turane som er opne har vore besøkt. Dei ivrigaste trimpoengsamlarane har vore på tur kvar dag.

Ikkje alle postar er opna enno for sikkerheitsmessige grunnar; Blånipa og Håsteinen ventar vi heilt til 1. juni med å opne, medan Egga, Fagernipa, Knollane, Skålefjellet, Strandanipa. Vikanipa og Ørneklumpen opnar 1. mai,- då har de noko å glede dykk til. Vi håpar folk blir inspirert til å ta turar i områder dei før ikkje har vore og blir fasinert over at vi ikkje treng å farte så langt for å få flotte naturopplevingar.

Om dei som går på tur vil komme med nye turforslag er det berre å trykkje «Foreslå turmål» i menyen på appen så vurderar vi desse i neste runde. For med denne suksessen så blir det heilt sikkert ei ny runde, håpar mange blir med då også. Vi oppmodar elles om å legge inn bilete på Instagram #EikefjordIL.

God tur!

Appen er klar -er du?

Eikefjord idrettslag startar måndag 6. april opp prøveprosjekt Trimpoeng.  Vi har lagt inn 50 ulike turmål kor det er mogleg å samle Trimpoeng. Vi har lagt inn turar i heile Eikefjord opp til Ramsdalsheia, vi har og utvida området heilt ut til Stavøya og Stavang. Vi håpar Trimpoeng-appen bidreg til å finne nye spennande turmål for alle. Det er ikkje avgrensing på kor mange poeng du kan samle, men for å vere med i trekning av premiar må  du ha eit minimum av poeng. Konkurransen varer ut juli, så du har god tid på å samle poeng!

Du lastar ned appen og registrerer deg som brukar. Informasjon om dette finn du på vår Trimpoengnettside . Her finn du relevant informasjon og du finn oversikt over alle turane så du kan starte her for å planlegge turane.

Du  samler trimpoeng når når du kjem til dei ulike turmåla. Dei ulike turmåla har frå 3 til 12 poeng, alle støylane våre gir 6 poeng kvar. Dei elektroniske postene har ulik poeng etter kor tilgjengelege dei er. Du registrer deg ved når du er innanfor radiusen til den elektroniske posten. Den har en rekkevidde på mellom 5 til 75 meter og du får registrert poeng knytt til posten. Du kan maks registrere deg ein gong per 8 timar per post. For dei sprekaste kan du legge inn søndagturen slik at du når fleire poster på same tur.

Nokre fikk prøve appen i helga. Den var ikkje heilt klar og ikkje alle turane var på plass. Vi startar med poengsamlinga måndag 6, alle poenga opptjent i helga er strokne.