Eikefjord Arena – Folkemøte 16. september

Vi skaper Eikefjord Arena saman. Møt opp på Allhuset onsdag 16. september kl. 18 for idemyldring av kva vi ønsker å ha av aktivitetar på vår planlagte nyskapande aktivitetspark i Kvalvika. Her er det manga mogelegheiter.

Arkitektfirmaet PIR2, som skal teikne/skissere Eikefjord Arena, kjem til Eikefjord onsdag 16. september. Dei vil gjerne høyre frå deg og oss alle om kva vi ønsker av aktivitar der, og inviterer difor heile bygda til felles brainstorming/idemyldring på Allhuset frå kl. 18

Biogass på Nesjane?

Torsdag 10. september kl. 18-20 vert det folkemøte på Allhuset om Biogass på Nesjane. Her må vi oppmuntre alle eikefjordingar til å stille opp. Vil vi verkeleg ha denne type industri til bygda vår?

Gratis fliskutter-masse

Det har vorte utført ein stor jobb med å utbetre turstien mot støylane, og det innebærer blant anna rydding av ein mengde kratt og skog. Mykje av dette har vi køyrt gjennom fliskuttar, og denne massen står folk fritt til å forsyne seg av.

Brødrene Grønsberg har full kontroll på fliskutteren.

Lona – dugnad

Per-Øyvind og Odd Asle fekk hjelp av Cathrin, Arve og Asgeir til å forbetre turstien forbi Lona. Om du ikkje viste kor Lona er, er det på stien mot Eikefjordstøylen.

Her er det vorte bygd ein ny trase med steinar, slik at ein kan gå tørrskodd forbi området også når det har vore regn. Det manglar fortsatt elvegrus på toppen, men det vil snart vere på plass. God tur!

Dugnad – Eikefjordstøylen

Laurdag 13. juni kl. 9-12 vil Eikefjord Idrettslag arrangere dugnad på turstien opp til Eikefjordstøylen. Primus motorane Per-Øyvind Sørbø og Odd Asle Endestad ønsker hjelp til å få oss tørrskodd forbi Lona. Då trengs det at vi steinlegg stien der. Ta med deg bøtter til å plukke stein i, og i tillegg er det lurt å ha på seg støvler. Vi sjåast.

Fylkeskommunen støtter Eikefjord Arena

Eikefjord Idrettslag har store planar med grasbana og området rundt. Fylkeskommunen har sagt ja til å støtte oss i utviklinga av ein aktivitetspark der både små og store vil kunne velge i mange aktivitetstilbod.

Fylkeskommunen betaler i praksis for bruken av arkitektfirma til å teikne og planlegge heile det aktuelle området. Denne kostnaden er i utgongspunktet berekna til kr 350 000. Leiaren i dette prosjektet, Brigt Samdal, og hans gjeng «held i taumane».

I løpet av sommaren vil det verte bestemt kva for arkitekt som får oppdraget, og så vil vi sette i gong med å utvikle området. Teikne- og planleggingsprosessen skal vere ferdig til nyttår, og deretter er det å få «spaden i jorda» så fort som mogeleg.

Nytt glassrekkverk i fleirbrukshallen

No har vi skifte ut jernrekkverket med flunk nytt glassrekkverk. Det har over tid våre ein utfordring at ein ikkje ser godt frå tribuneplass grunna det tidlegare spilerekkverket i metall. Difor har det gjerne vorte slik at ein står framme ved rekkverket i staden for å sitte på tribuna. Dette har vore ein utfordring ved større arrangement med mange på tribuneplass.

Difor har Eikefjord Idrettslag no skifte ut det gamle rekkverket med krystallklart glass som endeleg gjer det mogeleg å sitte på tribunen og likevel ha full oversikt over det meste av hallflata.

Boss-spann på plass i Sørmarka

Fire boss-spann for hundeskit er no satt opp på turstiane i Sørmarka. Dette gjer det lettare for alle som har hundar med seg på tur. Ein slepp å ta med seg posane heim, og vi unngår at nokon sett desse posane att på stien.

Turgeneralen har på nytt gjort eit godt stykke arbeid. Ikkje berre er det satt opp fire boss-spann, men vi har også høyrt på dei mange som meiner vi må sette opp skilt med vippsnummer til støtte for nye og oppgradering av eksisterande turstiar. Liknande skilt og boss-spann vil etter kvart kome opp på andre turstiar i Eikefjordområdet.

Dette vll blant anna gjelde den store oppgraderinga av stien frå rasteplassen til Eikefjordstøylen, og deretter vidare over til Hovlandstøylen.

Eikefjord halvmaraton 9. mai

No er det mogeleg å melde seg på til Eikefjord halvmaraton. I tillegg til halvmaraton vil det også vere barneløp, 5 km og 10 km. Det er eigen trimklasse for dei som ikkje ønsker å springe på tid.

Oppstarten for barneløpet er kl. 11, mens dei andre løpa starter kl. 12.

Yoga i Eikefjord

Kvar torsdag kl. 18:00 vert det yoga i Allhuset i Eikefjord. Shree Lakshmy kjem til Eikefjord for å ha yoga med oss. Dette er utanom Eikefjord Treningssenter, og difor betaler ein direkte til Shree.

Shree har budd i Norge i åtte år, og har undervist i yoga i Naustdal i fem år. No ønsker ho også å ha yoga i Eikefjord.

Ho har to uttdanninger frå India (internationally certified), og underviser hovedsakelig i Hatha-yoga og Ashtanga-yoga. Den første passer veldig bra for nybegynnere, og den andre er på eit meir avansert nivå, – kan tilpasse nybegynnere også etter kvart.

Timene varer som regel 90 minutt, der det er 60-70 minutts trening, mens den siste delen handler om pust og avslapning.

Ho gleder seg stort til å komme til Eikefjord kvar torsdag framover til første veka i juni.