Det er verkeleg kjekt at 19 år gamle Andrine Endestad har kome så langt med fotballen, dette har ho jobba knallhardt for! Fredag kveld kunne ho heve pokalen saman med lagveninnene i Molde J19 etter ein jamn og spennande finale mot Klepp. Ekstraomgangar måtte til. Vi vil gratulerer henne og familen med sigeren, vil tru det var nerver i høgspent undervegs og stormane jubel då dommaren blåste i fløyta. Les meir på Firdposten
Bli ein turven eller få ein turven
Frivilligsentralen i Florø har eit innlegg på sida si som er viktig at alle veit om.
Sjekk det ut på deira heimeside: https://floro.frivilligsentral.no/aktivitet?turven&Id=8804
Open hall
«TRYGG PÅ TRENING» torsdag 29/9 kl 19-21 på Allhuset
Eikefjord idrettslag arrangerer i samarbeid med Nok Bergen (tidlegare Smiso) og Vestland idrettskrets foredraget «Trygg på trening».

og fagleg rådgiver i Nok. Bergen vil halde foredraget
Vi oppfordrer trenarar-leiarar -aktive idrettsutøvarar og foreldre til å komme til Allhuset denne torsdags kvelden.
Det blir servert frukt og grønt i pausen
Foredraget gir deg auka kunnskap om forebygging av seksuelle overgrep og trakassering, kva du skal gjere om du mistenkjer at eit barn er utsatt og gi verktøy til idrettslag for å skape eit sikrare og tryggere miljø i klubben.
Trygge voksne gir trygge barn!
Allidrett i Eikefjord
På årsmøtet 2022 vedtok Eikefjord idrettslag å starte opp allidrett for barn! I veke 36 skjer det, og tilbodet vert for aldersgruppene 2 – 5 år og 6 – 9 år.
Målet er å gje barna eit godt fundament for eit aktivt liv gjennom å tilby eit variert aktivitetstilbod der dei får prøve flerie ulike idrettar i fleire miljø, for eksempel i fleirbrukshallen, i skogen eller på snø. Det vert lagt vekt på å utvikle ein god grunnmotorikk gjennom leik og aktivitetar som er tilpassa barnet sitt utviklingsnivå.
Treningstidpunkt:
2 – 5 år: Onsdag kl. 17 – 18
6 – 9 år: Måndag kl. 17 – 18 og Onsdag kl. 18 – 19
Oppmøte:
Fleirbrukshallen i Eikefjord (viss ikkje anna er kommunisert ut).
Oppstart:
5. september kl. 17.00 for 6 – 9 år.
7. september kl. 17.00 for 2 – 5 år
Pris:
Gratis (alle deltakarar må vere medlem av Eikefjord idrettslag).
NB! 2013- og 2014-kullet har allereie etablerte fotball- og handballlag, og vil derfor få tilbod om både allidrett og særidrettstrening.

HÅPAR Å SJÅ MANGE AKTIVE OG IVRIGE BARN! Velkommen!
Vinnar av EIL-drakt
ER DU MEDLEM AV EIKEFJORD IDRETTSLAG? Under Eikefjorddagane hadde EIL eigen stand der fokuset mellom anna var å bevisstgjere bygdefolket og andre på kor viktig det er å støtte idrettslaget gjennom vere medlem. Ved å betale medlemsavgifta får ein inngangsbillett til å trene, enten det gjeld fotball, ETS, handball, basket eller turgåing, og i tillegg støttar ein dei ulike prosjekta som idrettslaget jobbar med.
Fleire skreiv seg på liste for å bli medlem under Eikefjorddagane, og av desse vart det trekt ein heldig vinnar av EIL sin «uniform». Vinnaren vart Audun Solheim, og han kunne stolt posere i bunaden til idrettslaget.

Viss du tenkjer at du gjerne skulle ha blitt medlem, eller berre vil sjekke om du er det, så kan du logge deg inn på https://www.minidrett.no eller sende ein e-post til post@eikefjordidrettslag.no