Fv. Kristen Stæger Breisnes (nestleiar/styremedlem), Inger Johanne Sørbø (sekretær/styremedlem), Solveig Svardal (styremedlem), Liv Torsvik Myrvollen (kasserar/styremedlem), Per-Øyvind Sørbø (leiar)
Til informasjon
Eikefjord idrettslag avlyser all organisert aktivitet i Eikefjord for å bidra til smittevern i bygda.
Eikefjord ski, fotball, handball, basket, badminton og friidrett kansellerer alle sine organiserte treningar. Florø Volleyball (som har sine treningar i Eikefjord fleirbrukshall) gjennomfører same tiltak, og avlyser alle treningar.
Eikefjord IL Friidrett avlyser gruppetreningane i hallen i kveld, torsdag 12.03.20, og stenger Eikefjord Treningssenter (ETS) frå kl 18 i kveld, og førebels til 30.04.20.
Eikefjord idrettslag vonar alle medlemmer og sambygdingar ellers vil halde seg friske gjennom pandemien. Følg FHI sine tilrådingar, hald dykk i aktivitet, og velkomen attende når vi kan møtast til trening att!
Parkering ved fleirbrukshallen
Badminton
På årsmøtet til Eikefjord Idrettslag blei det vedtatt å starte opp med badminton, som eit prøveår i 2020.
Dersom dette blir ein suksess vil det komme opp som ny sak på årsmøtet neste år. Vi satsar på både herre- og dametrening. Oppstart blir for fullt søndag 23. februar. Treningstider vert søndager kl 19.00 for damer, og kl 20.00 for herrer. Torsdag vert det trening for herrer kl 20.00. Om du har lyst på ein ny og artig trening, møt opp. Det vert høve til å låne utstyr.
Ekstraordinært årsmøte for Eikefjord Idrettslag
Det blir kalt inn til ekstraordinært årsmøte for idrettslaget, søndag 8. mars kl 18.00, på Inspire.
Sak: Drifting av Eikefjord Treningssenter (ETS). Kven skal stå for drift, og korleis skal det driftast.
På årsmøtet til Eikefjord Idrettslag la hovudlaget fram eit forslag om at ETS skal driftast som ei sjølvstendig gruppe. Per dags dato ligg ETS under Friidrettsgruppa. Det blei tatt opp til avstemning, og resultatet blei uavgjort. Difor blir saka tatt opp igjen til diskusjon og avstemning søndag 8. mars. Vel møtt!
NB: Du må være medlem i Eikefjord Idrettslag for å stemme. For gyldig stemmeberettigelse, hugs og sjekke at du har betalt medlemsavgifta på kr. 100,-
Open hall
Eikefjord Idrettslag inviterer bygdefolk til aktivitet i den flotte fleirbrukshallen vår i romjula 2019.
Torsdag 26.12 (2. Juledag)
Kl. 10.00-13.00 Leik og moro for små og store
Kl. 14.00-18.00 Fri aktivitet
Fredag 27.12 (3. Juledag)
Kl. 10.00-13.00 Leik og moro for små og store
Kl. 14.00-18.00 Fotball, basket, volleyball
Lørdag 28.12 (4. Juledag)
Kl. 10.00-13.00 Leik og moro for små og store
Kl. 14.00-18.00 Badminton
Helsing EIL Hovedstyret
Ein takk til sponsorane
Kjekt å mimre litt over vinter – vår sesongen i 2019.
Det har vert stor aktivitet i mange grupper og vi har hatt mange kjekke arrangement. Grunnmuren for aktivitet har vi frå dei gode støttespelarane våre – Sponsorane.
Takk for stor økonomisk støtte i arbeidet vårt i med idretten i bygda!
Her frå signering av avtalen med Sparebanken Sogn og Fjordane, med banksjef Ole Aukland