Skip to content

2. plass i verdsmeisterskapen – handbak

Vår eigen William Dalberg Lillemo klarte ein fantastisk andre plass i VM i handbak i India i slutten av oktober.

Sjølv om han berre er 18 år gamal, har han gjennom mange år trent målbevisst for å verte best mogeleg i handbak. Det er fleire av oss som har hatt æra av å følge hans treningar på Eikefjord Treningssenter opp igjennom åra. Sjeldan har vi sett ein så ung gut/kar trene så strukturert og tøft for å nå sine mål. Dette vart i slutten av oktober belønna med ein andre plass i venstre hand og ein femte plass i høgre under verdsmeisterskapen i handbak som vart arrangert i India.

Vi gleder oss til å følge hans vidare satsing.