Vår eigen Jakob Endestad stilte helga 9. – 11. oktober opp på Oslo Throwdown saman med Ken Marius Kalstad frå Førde. Dette er ein konkurranse i Functional Fitness (CrossFit) som blir holdt kvart år i Oslo på Unity Arena, og er den største functional fitness konkurransen i Norge. Jakob og Ken Marius stilte i lagkonkurransen i klassen intermediate team.

Jakob og lagkameraten gjorde det jamt godt i alle dei fem øktene. Ekstra imponerande var det å vinne løftekonkurransen som bestod av ein repetisjon maks i clean pluss ein repetisjon hang clean. På godt norsk er dette frivending med stang, og Jakob hadde heile 130 kg på stanga. Dei endte totalt på ein 2. plass.