Skip to content

Årsfest med basar 2026

Vi ønsker alle velkomne til vår årsfest 8. november kl. 15. Dette er eit høgdepunkt kvart år for oss i Eikefjord Idrettslag. Her vil det verte delt ut prisar til lag og personar som har gjort seg bemerka. Som vanleg vil vi denne dagen også ha basar med åresal.

I forkant av basaren vil vi selge lodd i loddbøker. I år har vi fått tak i mange spesielt fine premiar. Sjå vedlagte bilete for nokon av premiane. Etter at vi for nokon år sidan bestemte at Eikefjord Idrettslag skulle gje gratis treningsavgift til alle under 20 år – som ein av få idrettslag i heile landet, er dette arrangementet vorte viktig for oss. Vi håper at også du vil støtte oss ved å kjøpe lodd.