Skip to content

Fylkeskommunen støtter Eikefjord Arena

Eikefjord Idrettslag har store planar med grasbana og området rundt. Fylkeskommunen har sagt ja til å støtte oss i utviklinga av ein aktivitetspark der både små og store vil kunne velge i mange aktivitetstilbod.

Fylkeskommunen betaler i praksis for bruken av arkitektfirma til å teikne og planlegge heile det aktuelle området. Denne kostnaden er i utgongspunktet berekna til kr 350 000. Leiaren i dette prosjektet, Brigt Samdal, og hans gjeng «held i taumane».

I løpet av sommaren vil det verte bestemt kva for arkitekt som får oppdraget, og så vil vi sette i gong med å utvikle området. Teikne- og planleggingsprosessen skal vere ferdig til nyttår, og deretter er det å få «spaden i jorda» så fort som mogeleg.