Fire boss-spann for hundeskit er no satt opp på turstiane i Sørmarka. Dette gjer det lettare for alle som har hundar med seg på tur. Ein slepp å ta med seg posane heim, og vi unngår at nokon sett desse posane att på stien.

Turgeneralen har på nytt gjort eit godt stykke arbeid. Ikkje berre er det satt opp fire boss-spann, men vi har også høyrt på dei mange som meiner vi må sette opp skilt med vippsnummer til støtte for nye og oppgradering av eksisterande turstiar. Liknande skilt og boss-spann vil etter kvart kome opp på andre turstiar i Eikefjordområdet.
Dette vll blant anna gjelde den store oppgraderinga av stien frå rasteplassen til Eikefjordstøylen, og deretter vidare over til Hovlandstøylen.



