
Tusen takk til Sparebank1 Sogn og Fjordane for kr 150 000 til oppgradering av turstien opptil Eikefjordstøylen og vidare over til Hovlandstøylen.

Allereie helga 18. og 19. april var gjengen til Per-Øyvind Sørbø i gong med det omfattande arbeidet med å forbetre og oppgradere denne populære turstien.


No vert det snart endå hyggelegare å ta turen frå rasteplassen til Eikefjordstøylen og vidare over til Hovlandstøylen. Første steget «på vegen» er Bjønnemyra og området der. Odd Rune Sørbø har ansvaret for gravinga.

Det er mykje som skal gjerast på den cirka to km lange strekninga frå rasteplassen og opptil Eikefjordstøylen. Deriblant ein del passeringar over berg og trerøtter som kan vere skumle. Spesielt gjeld dette om vinteren og når det er vått.


Mange liker å gå frå rasteplassen til Eikefjordstøylen og deretter over til Hovlandstøylen og ned att – eller omvendt. Difor vil også stien frå Eikefjordstøylen over til Hovlandstøylen også få ein oppgradering.


Målsetninga til Eikefjord Idrettslag er at stadig fleire, både eikefjordingar og andre, skal bruke det unike turnettet i bygda vår.