Eikefjord Idrettslag sel no tre kvalitetsprodukter frå FibGreen. Eikefjord Idrettslag har fleire nye, store prosjekt på gong for å halde eikefjordingane spreke og fornøgde. Dette er til dømes nye turstiar, oppgradering av eksisterande turstiar og ikkje minst ein Eikefjord Nyskapande Aktivitetspark i Kvalvika. I tillegg skal vi sjølvsagt oppretthalde aktivitetstilbodet til den yngre garde. Vi er ein av dei få idrettslaga som ikkje har treningsavgift for barn og ungdom opptil 20 år, og dette skal vi fortsette med. Vi håper at du og vil hjelpe oss i dette arbeidet.
Dette er vinn-vinn:
- Produktene er betre enn dei fleste samanliknbare produkter
- Du støtter idrettslaget
Produktene er fordelt på dei ulike gruppene: fotball, handball, basketball, ski, friidrett, allidrett og ETS. Det er det same kven av desse du kjøper av, då alt overskot går inn til hovudlaget. Du finn kontaktinformasjon til dei ulike gruppene annan stad på denne sida.